Riksveg 15

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 15
Stamveg 15 logo
Strekning
MåløyOtta
Riksveg 15
Informasjon
Lengd 280,3 km
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Riksveg 15 Riksveg 15 Riksveg 15
Restriksjonar
Kolonnekjøring
om vinteren
Strynefjellet
Nattestenging
om vinteren
Strynefjellet

Riksveg 15 (Rv15) er ein stamveg som går mellom Otta i Sel kommune og Måløy i Vågsøy kommune. Vegen har ei lengd på 280,3 km, av dette 135,8 km i Oppland og 144,5 km i Sogn og Fjordane.

Han tar av frå E6 i Otta og følgjer Ottadalen vestover forbi Lalm, Vågåmo, Lom og Bismo til Grotli. Vidare vestover langs sørsida av Strynsvatnet, gjennom Stryn sentrum, frå Innvikfjorden over til Hornindalsvatnet, langs sørsida av dette vidare vestover til Nordfjordeid, langs nordsida av Nordfjord til Måløy.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Mellom Nordfjordeid og Haus var vegen ferdig i 1928. Opphavleg var det ferjesamband vidare til Maurstad. Vegsamband til Maurstad vart gjennombrote i 1938.

Dagens veg mellom Grotli og Ospeli bru, Nye Strynefjellsvegen med tre tunnelar, vart opna i 1977. Den gamle hovudvegen vart turistveg og utgjer i dag riksveg 258. Begge vegstrekningane er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]

Strekninga mellom Stryn og Nordfjordeid med tilhøyrande tunnelar vart opna i 1992 etter at vegarbeidet vart starta i 1966. Første delstrekning var mellom Nordfjordeid og Hjelle.

Ny veg vestover frå Nordfjordeid med riksvegstandard og to tunnelar vart opna på slutten av 1990-talet. Den eine tunnelen, Erviktunnelen, har fortau for at skuleborn frå Ervik skal kunne gå trygt til skulen i Kjølsdalen.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Sogn og Fjordane [endre | endre wikiteksten]

Vågsøy
Måløybrua og Måløy

Gate 2

Rv15

Eid
Stårheim kyrkje

Skårhaugstranda

E39

  • Riksveg 15 Leivdøla bru, Hjelle

Rv15

  • Fv664 frå Fossebakken til Navelsaker
  • bro Nor bru (Eidselva, ca. 30 m)
  • Fv663 frå Nor til Riksveg 15 Skipenes (5,3 km)
  • tunnel Lisjejøltunnelen (219 m)
  • tunnel Marajøltunnelen (855 m)
  • tunnel Breisvortunnelen (1382 m)
  • tunnel Kongenestunnelen (1118 m)
Hornindal
Stryn
Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Stryn
Alle 6 tunnelopningane
Ein dag i mai 2015 på veg over Strynefjellet

Oppland [endre | endre wikiteksten]

Skjåk
Bismo
  • 63 frå Langevatn til Riksveg 15 Sogge bru i Rauma kommune
  • 258 Grotli
  • bro Vulu (ca. 40 m)
  • Fv485 frå Dønfoss bru til Skamsar bru (9,7 km)
  • bro Dønfoss bru (Otta, ca. 50 m)
  • Fv486 frå Dønfoss bru til Tuva (13,9 km)
  • Fv484 frå Skamsar bru til Vollungs bru (5,8 km)
  • bro Skamsar bru
  • Fv485 Skamsar bru (Otta, ca. 50 m)
  • Bismo
  • Fv483 frå Vollungsbru til Staurust i Lom kommune
  • bro Vollungs bru (Otta, ca. 105 m)
  • Fv484 Vollungs bru
  • Fv483 Ånstad
Lom stavkyrkje
Lom
Vågå
Otta
Sel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Riksvei 15» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  1. Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne Arkivert 2007-10-31 ved Wayback Machine. (sjå avsnitt om Strynefjellet vegmiljø)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]