Otto Meyer-Amden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Meyer-Amden
Fødd 20. februar 1885
Bern
Død

15. januar 1933
Zürich

Yrke kunstmålar
Otto Meyer-Amden på Commons
Landskap i Amden, ca. 1913

Otto Meyer-Amden (20. februar 188515. januar 1933) var ein sveitsisk målar og grafikar frå Bern. Han vert rekna som ein av dei viktigaste av dei tidlege abstrakte målarane i Sveits.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ungdom og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Meyer voks frå 1888 opp hos fosterforeldre, etter mor hans døydde. Barne- og ungdomsåra 1892-1900 gjekk han på ein kostskule for borgarborn i Bern. Sidan gjekk han i lære 1901-03 i Bern og 1903-06 i Zürich for å verte litograf. Han måla på den tid akvarellar i ein symbolistisk stil.

Tida 1906-07 studerte Meyer ved kunstakademiet i München. Deretter gjekk han på kunstakademiet i Stuttgart, der han frå 1909 var elev av Adolf Hölzel. I Stuttgart vart han kjend med Oskar Schlemmer, Willi Baumeister og andre kunstnarar. Meyer var svært oppteken av Oscar Wilde sin roman «Dorian Gray». År 1907 var han på studiereiser til Strasbourg og Paris, der han vart særleg påverka av kunsten til Paul Cézanne.

Amden[endre | endre wikiteksten]

I 1912 mottok han ein invitasjon frå Amden i kantonen St. Gallen i Sveits, der kunstmålarane Willi Baumeister og Herman Huber hadde danna ein kunstnarkoloni. Etter dei to reiste derifrå, vart Meyer verande i Amden til 1928. Der levde han tilbaketrekt, budde i eit gammalt gardshus. Han skreiv mykje i dagbok, særleg i åra 1913 til -15, og var oppteken av studere Bibelen. Desse åra pleia han kontakt med frireligiøse, kommunitariske og grupper og brødresamfunnet Grappenhof i Amden.

I åra 1915-18 laga Meyer grafiske teikningar og blad haldne i mørke, dunkle fargetonar. Han brukte då ein teknikk som han hadde lært av Georges Seurat. I 1923 laga han ein rund glasskjerm til preikestolen i Zwingli-huset i Zürich-Wiedikon. Året før vart han kjend med Ernst Kirchner i Zürich, og innleia eit vennskap. Meyer deltok i 1925 med åtte verk i «den store sveitsiske kunstutstillinga» i Karlsruhe.

Meyer kjende seg sterkt knytt til staden Amden og kalla seg Meyer-Amden.

Zürich. Død[endre | endre wikiteksten]

I 1929 deltok Meyer med tolv arbeid i utstillinga «Abstrakt og surrealistisk måleri og skulptur» i Kunsthaus Zürich. Dei siste leveåra hans var prega av ein alvorleg sjukdom. Frå 1928 fram til kort tid før han døydde i 1933 var Otto Meyer-Amden teiknelærar på kunsthandverksskulen i Zürich.

Då han døydde, let han etter seg om lag 500 måleri og teikningar. Det finst mange abstrakte figurative måleri med eit lyrisk stemningsuttrykk og religiøst-symbolske representasjonar, mange internatskulescener, ungdomsakter, gatescener frå Zürich og akvarellar med symbolske, lineære, geometriske figurar som pregar kunstverksemda hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Otto Meyer-Amden