Oxía
Oxía (gresk Οξεία), òg kalla Oxiés, Oxiá eller Oxeia er ei øy i Hellas og øygruppa Ekhinádes, som høyrer til Dei joniske øyane. Ho er hovudøya i den sørlege delen av øygruppa og er ein del av kommunen Itháki i periferieininga med same namn. Oxía har det høgaste punktet i Ekhinádes på 421 meter over havet. Øya er 5 km lang og om lag 2 km brei, og har to fjell. Øya er ikkje busett.[1]
Ein kan sjå øya heilt frå Etoloakarnanía, nord og vest i Akhaía, mykje av det nordlege og nordvestlege Ilía, delar av Zákynthos, søraust på Kefaloniá, Itháki og søraust på Levkáda.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Oxeia frå Engelsk Wikipedia .