Panoptisk fengsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Fengselet Presidio Modelo på Isla de la Juventud i Cuba har panoptiske bygningar, slik at ein i teorien kan sjå alle frå éin stad. Her sat Fidel Castro fanga 1953.
Foto: 2005
Inne i ein av fengselsbygningane i Presidio Modelo.
Foto: 2005

Panoptisk fengsel, Benthams panoptikon eller berre panoptikon (av gresk pan 'all' og optikos '[som gjeld] syn') er ein type fengselsbygning som er bygd slik at ein vakt i sentrum av bygningen kan overvake alle dei innsette på ein gong. Ved at bygningen er sirkulær eller halvsirkelforma med eit tårn i sentrum, der vaktmannskapet sit, og fengeselsceller med gitterdørar er ordna slik at det er beinveges innsyn i alle, kan alle dei innsette verte overvaka døgnet rundt, utan at dei sjølv kan fastslå om dei vert sett eller ikkje.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Ideen til denne fengselsarkitetkturen vart lansert av den britiske filosofen Jeremy Bentham (1748-1832 ). Bentham er kjend for å ha utvikla den moralfilosofiske retninga utilitarisme, som legg vekt på at handlingane til eit menneske må vurderast på grunnlag av konsekvensane handlingane har. Uvissa som vert skapt hjå dei innsette i fengselet om dei er konstant overvaka eller ikkje, gjev ifølgje Bentham dei «ei kjensle av ein usynleg allvetar».[1]

Millbank fengsel i London for 1 200 fangar vart bygd etter ein litt modifisert plan, og stod ferdig i 1821.[2] Det vart rive i 1891. Andre fengsel vart òg bygde etter ein liknande plan. Men i si reindyrka form finst det ikkje mange fengsel der det fullstendige celleinnsynet frå eit sentralt punkt er gjort mogleg. Nærast kjem fengselet Presidio Modelo på Isla de la Juventud på Cuba. Og etter at kameraovervaking med videoopptak vart mogleg, er det ikkje arkitekturen, men lova og viljen til fengselsstyresmaktene som er avgjerande for graden av kontinuerleg overvaking av dei innsette.

Arkitektteikning frå 1880 for eit tenkt fengsel i Straits Settlement i Singapore, med sentralpunkt for korridorovervakning.

Korridorovervaking[endre | endre wikiteksten]

Ein tillempa utføring av panoptikonideen galdt for dei fengsla der ein frå sentralpunktet rett nok ikkje har innsyn i celler med gitterdør, men kan overvaka alle korridorane fram til cellene. Då er utforminga gjerne at cellene ligg i fløyer – gjerne i fleire høgder – som er organiserte i stjerneform og overvaka frå sentrum av stjerna. Botsfengselet i Oslo, som stod ferdig i 1851, er utforma på dette viset etter impulsar frå medisinprofessor Frederik Holst (1791–1871). Holst gjorde omfattande utanlandsreiser for å studera fengsels- og sjukehusvesen. Både for sinnssjukeasyl og fengsel tilrådde han ein panoptisk arkitektur. Utviklinga innan psykiatrien førte til at ideane hadde vorte gammaldagse før dei vart sett ut i livet på dette feltet, men når det galdt straff, vart dei altså følgde i utforminga av Botsfengselet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Silke Berit Lang: «The Impact of Video Systems on Architecture», Swiss Federal Institute of Technology, 2004.
  2. Store norske leksikon om «Bentams panoptikon» (fri gjenbruk av tekst)