Paper Sun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paper Sun
Singel av Traffic
B-side «Giving to You»
Utgjeve 19. mai 1967
Sjanger Psykedelisk pop[1]
Lengd 4:14
Selskap Island WIP 6002 (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Jim Capaldi, Steve Winwood
Produsent Jimmy Miller
Traffic-kronologi
Paper Sun «Hole in My Shoe»
(1967)


«Paper Sun» var debutsingelen til det britiske bandet Traffic, gjeven ut i 1967.[2] Singelen nådde femteplassen på UK Singles Chart[3], fjerdeplassen i Canada[4], og 70. plassen på Cash Box Top 100-lista i USA.[5] Songen er kjend for det tidstypiske sitarriffet, spelt av Dave Mason, og vokalen av Steve Winwood. Han vart òg gjeven ut i ei redigert utgåve på den amerikanske utgåva av debutalbumet til bandet, Mr. Fantasy (for ei kort stund kalla Heaven Is in Your Mind).

B-sida til singelen, «Giving to You», vert sungen av Winwood. Den originale B-sida vart sidan gjeven ut som bonusspor på Mr. Fantasy. Songen vart sidan gjeven ut i ei endra utgåve (4:20) på Mr. Fantasy. Albumversjonen byrjar og endar med talte parti (truleg av Chris Wood).

Songen er med i filmen Made in Dagenham frå 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paper Sun review». Matthew Greenwald. Allmusic. Henta 20. juli 2019. 
  2. Details @ Australian-charts.com Henta June 2009
  3. Traffic in the UK Charts Arkivert 20. november 2011 ved Wayback Machine., The Official Charts. Henta 9. august 2011.
  4. «RPM Top 100 Singles - 9. september 1967» (PDF). 
  5. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ: The Scarecrow Press. s. 604. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]