Jim Gordon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Gordon

Fødd14. juli 1945 (78 år)
FødestadLos Angeles
Død13. mars 2023
DødsstadCalifornia Medical Facility
FødenamnJames Beck Gordon
OpphavUSA
Aktiv1963–1980
SjangerBlues
Bluesrock
Hardrock
Pop, psykedelisk rock
Instrumenttrommer
perkusjon
piano
Kjende instrumentCamco-trommer
Tilknytte artistarAlice Cooper
Derek and the Dominos
Delaney, Bonnie & Friends
Eric Clapton
George Harrison
Harry Nilsson
The Everly Brothers
The Beach Boys
The Beau Brummels
Mason Williams
Gene Clark
The Byrds
Joe Cocker
Traffic
Frank Zappa
Souther–Hillman–Furay Band
Dave Mason
Incredible Bongo Band
Steely Dan
Gordon Lightfoot
PlateselskapPolydor Records
Verka somTrommeslagar
MorOsa Gordon
Sambuar medRita Coolidge

James Beck «Jim» Gordon (fødd 14. juli 1945)[1] er ein amerikansk musikar og låtskrivar. Han var ein av dei mest etterspurde trommeslagarane i 1960- og 1970-åra og spelte med mange av dei mest kjende musikarane på den tida,[2] som bluesrock-supergruppa Derek and the Dominos, Little Richard og Delaney & Bonnie. I 1983 viste det seg at Gordon var schizofren og tok livet av mora si og vart dømd frå 16 år til livstid i fengsel.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Gordon byrja karrieren sin i 1963, 17 år gammal, som trommis for The Everly Brothers, og vart raskt ein av dei mest etterspurde studiomusikarane i Los Angeles. Han vart tatt under vengjene av av trommeslagaren Hal Blaine og spelte på mange kjende innspelingar i 1960-åra, som Pet Sounds av The Beach Boys (1966), Gene Clark with the Gosdin Brothers av Gene Clark (1967), The Notorious Byrd Brothers av The Byrds (1968) og hitten «Classical Gas» av Mason Williams (1968). På høgda av karrieren sin var Gordon visstnok så travel som studiomusikar at han flydde til Los Angeles frå Las Vegas kvar dag for å gjere to-tre innspelingar, og så reise attende same dagen for å spele kveldsshow ved Caesars Palace.

I 1969 og 1970 turnerte Gordon med gruppa til Delaney & Bonnie, som på den tida hadde med Eric Clapton. Clapton tok med seg rytmeseksjonen i gruppa - Gordon, bassisten Carl Radle og klaverspelar-songar-låtskrivar Bobby Whitlock. Dei danna eit nytt band som vart kalla Derek and the Dominos. Den første studioinnspelinga var det første soloalbumet til George Harrison, det triple All Things Must Pass. Gordon spelte så på Derek and the Dominos sitt dobbeltalbum, Layla and Other Assorted Love Songs i 1970 og medverka i tillegg til trommer, med pianoet på avslutninga av tittelsporet «Layla». I seinare år hevda Whitlock at pianostykket ikkje var skriven av Gordon: «Jim tok pianomelodien frå ekskjærasten Rita Coolidge. Eg veit dette fordi då me spelte i D&B budde eg hos John Garfield i Hollywood Hills og det var eit gjestehus med eit piano der. Rita og Jim var i gjestehuset og inviterte meg til å skrive denne songen i lag med dei kalla 'Time.'... Syster hennar Priscilla enda opp med å spele inn songen med Booker T. Jones.... Jim tok melodien frå songen til Rita og gav ho ikkje æra for dette. Ho vart lurt av kjærasten sin».[3] Gordon spelte med bandet på turneane deira, men gruppa vart oppløyst våren 1971.

I 1970 spelte Gordon på Joe Cocker sin Mad Dogs and Englishmen-turneen og spelte på Dave Mason-albumet Alone Together. I 1971 turnerte han med Traffic og var med på to av albuma deira, inkludert The Low Spark of High Heeled Boys. Same året spelte han på Harry Nilsson sitt Nilsson Schmilsson og medverka med trommesoloen på sporet «Jump into the Fire». I 1972 spelte Gordon i det 20 mann store bandet til Frank Zappa på «Grand Wazoo»-turneen og så i det ti mann store «Petit Wazoo»-bandet. Den mest kjende innspelinga hans med Zappa var tittelsporet på albumet Apostrophe (') i 1974, ein jam med Zappa og Tony Duran på gitar og Jack Brucebassgitar. I 1974 spelte Gordon på det meste av Steely Dan-albumet Pretzel Logic, inkludert singelen «Rikki Don't Lose That Number». Han arbeidde igjen med Chris Hillman frå the Byrds som trommeslagaren i Souther–Hillman–Furay Band frå 1973 til 1975. Han spelte òg trommer på tre songar av Alice Cooper i 1976 på albumet Alice Cooper Goes to Hell. Gordon var trommeslagaren på Incredible Bongo Band sitt Bongo Rock, som kom ut i 1972, og trommebreaken hans på versjonen av «Apache» er ein av dei mest sampla rytmane av rap-artistar.[4]

Fengsel[endre | endre wikiteksten]

Gordon utvikla schizofreni og byrja å høyre stemmer, inkludert stemma til mora, som tvang han til å svelte seg sjølv og hindra han frå å sove, slappe av og spele trommer.[5] I 1983 gjekk han til åtak på mora med ein hammar og slo ho i hel.[4][6][7] Sjølv om retten aksepterte at Gordon hadde akutt schizofreni fekk han ikkje lov å erklære seg sinnsjuk i gjerninga etter at lova i California hadde fjerna dette.[5] Den 10 juli 1984 vart Gordon dømd frå 16 år til livstid i fengsel.[8] I oktober 2013 sat James Beck Gordon, fange #C89262, 67 år gammal, framleis i California Medical Facility, eit psykriatisk fengsel i Vacaville i California.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

I løpet av karrieren spelte Gordon på mange innspelignar for kjende musikarar og produsentar, som:


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]