Last Exit av Traffic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Last Exit
Studioalbum av Traffic
Utgjeve Mai 1969
Innspelt Konsertopptak: 14. mars 1968
Studiosopptak: 1968
Studio Morgan Studios i London
Spelestad The Fillmore i San Francisco
Sjanger Progressiv rock
Lengd 34:04
Selskap
Produsent Jimmy Miller
Traffic-kronologi
Traffic
(1968)
Last Exit John Barleycorn Must Die
(1970)


Singlar frå Last Exit
  1. «Medicated Goo»
    Utgjeve: Desember 1968(Storbritannia)
    Februar 1969 (USA)

Last Exit er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic gjeve ut i mai 1969. Det er ei samling av litt av kvart sett saman av Island Records etter at bandet først vart oppløyst. Den første halvdelen av albumet består av studioopptak, medan den andre halvdelen var konsertopptak frå Fillmore Auditorium[1]. Albumet nådde 19. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.[2]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Som plateomslaget indikerer så spelar den originale besetninga med Steve Winwood, Jim Capaldi, Chris Wood og Dave Mason på albumet. Mason er berre med på to spor: «Just for You» og «Something's Got a Hold of My Toe». Den originale plata gjeven ut på United Artists Records har eit anna plateomslag. Den amerikanske framsida har eit anna bilete av bandet skoren ut til å utforme logoen til bandet på ein svart bakgrunn.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Somme av studioinnseplingane av albumet var opphavleg gjevne ut på singlar i mono. Versjonane på albumet er i stereo.

«Just for You» var tidlegare gjeven ut i februar 1968 som A-sida av ein solosingel av Dave Mason i Storbritannia. Då passa det bra at dei andre medlemmane i Traffic hadde akkompagnert han på innspelinga.[3] (B-sida var «Little Woman» som ikkje inkluderte dei andre Traffic-medlemmane.) Singelen kom ut etter at Mason hadde slutta i Traffic første gongen, etter innspelinga av Mr. Fantasy.

«Medicated Goo» og «Shanghai Noodle Factory» var A- og B-side til ein britisk Traffic-singel frå desember 1968. Singelversjonen av «Medicated Goo» er kortare med ein falsk slutt som ikkje finst på albumversjonen. Songen vart mykje spelt på konsertane til bandet då dei kom saman att i 1970 og 1971.

«Something's Got a Hold of My Toe» er ein instrumental og verkar å vere eit unytta studioopptak som opphavleg ikkje var meint å kome ut. Det er uklårt kvifor produsenten Jimmy Miller (som har skrive tekstar for andre songar på albumet) står oppført som medlåtskrivar på denne.

«Withering Tree» var tidlegare gjeven ut som B-sida til «Feelin' Alright» (september 1968), sjølv om versjonen på albumet er noko forskjellig frå singelversjonen. Han vart truleg spelt inn medan Dave Mason framleis var i bandet, trass i at han ikkje er med på innspelinga.

«Feelin' Good» og «Blind Man» er dei to konsertopptaka som tar opp andre halvparten av albumet. Begge desse var coverversjonar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

I ei melding av nyare dato skreiv AllMusic at Last Exit var svakare enn dei to første albuma, men at det ikkje var dårleg heller. Dei meinte dei fleste studiospora hadde høg appell, og hylla jamminga på konsertopptaka.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Just for You»   2:18
2. «Shanghai Noodle Factory»   5:06
3. «Something's Got a Hold of My Toe»   2:14
4. «Withering Tree»   3:04
5. «Medicated Goo»   3:36
Side to
# Tittel Lengd
6. «Feelin' Good» (konsertopptak frå The Fillmore) 10:40
7. «Blind Man» (konsertopptak frå The Fillmore) 7:06
34:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Traffic
Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. På albumet «Recorded live at the Fillmore West», sjølv om Fillmore West ikkje eksisterte 14. mars 1968; det opna 5. juli 1968
  2. «Billboard 200 - Traffic». Henta 20. juli 2019. 
  3. Notat i omslaget til Dave Mason-samlinga Scrapbook.
  4. 4,0 4,1 «AllMusic: Last Exit album review». www.AllMusic.com. Henta 21. juli 2019.