Paul Winsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Winsnes
Paul Winsnes c1860–1870 OMU OB.F03816a.jpg
Fødd 18. oktober 1794
Drammen
Død

2. august 1889
Drammen

Yrke prest, politikar
Paul Winsnes på Commons

Paul Winsnes (18. oktober 17942. august 1889) var ein norsk prest og stortingsmann frå Drammen.

Winsnes var fødd i Drammen, der faren hans var kjøpmann. Han vart student i 1812, og cand. theol. to år seinare. I 1814 var han lærar på ein skule i København, reiste heim til Drammen i desember det året. 1816 var han lærar ved Drammen lærde skule, til han same året vart kateket ved 'Vår Frelsars kyrkje' i hovudstaden Kristiania. Frå 1818 var han i tillegg inspektør ved borgar- og realskulen i byen.

År 1819 var Winsnes residerande kapellan i Vang i Hedmark, 1820-22 sokneprest i Trysil. Frå 1822 til 1827 hadde tilsvarande stilling i Hurdal, medan han 1827-30 var sokneprest i Nord-Aurdal. Perioden 1830 til -44 var han sokneprest i Brunlanes; 1838 vart han vald til fyrste ordføraren i Brunlanes. Til sist var han frå 1844 sokneprest i Vang. Medan han var i Vang vart han frå 1864 også stiftsprost i Hamar stift.

Winsnes var stortingsrepresentant frå Jarlsberg og Larviks amt både i 1839, 1842 og 1845. Det siste valet vart godkjent mot 12 røyster (han hadde flytta frå amtet før tingsamlinga kom i gang). I 1839 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, på dei to neste stortinga var han formann i same komiteen. Han var medlem av Lagtinget i 1842 og 1845. Ved det siste høvet, 1845, var han medlem av riksretten.

Winsnes tok avskjed frå prestestillingane i 1873. Han busette seg då i fødebyen Drammen, der han døydde i 1889.

Winsnes var gift med forfattarinna Hanna Winsnes. Han var brorson av Joachim Winsnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]