Pavel Nedvěd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pavel Nedvěd
Pavel Nedvěd.jpg
Pavel Nedvĕd i 2006
Personleg informasjon
Fullt namn Pavel Nedvĕd
Fødd 30. august 1972 (47 år)
Fødestad Skalná i Tsjekkoslovakia
Høgd 177 cm
Posisjon Ving
Offensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990-1992 Škoda Plzeň 0 (0)
1990-1992 → Dukla Plzeň (lån) 19 (0)
1990 Dukla Tabor
1992-1996 Sparta Praha 97 (23)
1996-2001 Lazio 138 (33)
2001-2009 Juventus 247 (51)
Totalt 501 (110)
Landslag
1992-1993 Tsjekkoslovakia U-21 7 (0)
1996-2006 Tsjekkia 91 (18)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Pavel Nedvěd (fødd 30. august 1972) er ein tsjekkisk tidlegare fotballspelar frå Skalná i Karlovy Vary-regionen. Frå ein offensiv midtbaneposisjon hadde han suksess i heimlandet med Sparta Praha, og sidan med SS Lazio og Juventus i Italia. Nedvěd var elles sentral på det tsjekkiske landslaget då det var eit av Europas beste i åra før og etter 2000.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Nedvěd slo gjennom med Sparta Praha, ein klubb han spelte på i tida 1992-96. Her var han med om å vinne tre nasjonale seriemeisterskap og eitt nasjonalt cupmeisterskap. Sidan var han Lazio-spelar i fem år, 1996-2001, der han vann både nasjonale cupen og serien. Den 19. mai 1999 vart han matchvinnar då Lazio slo Real Mallorca med 2-1 i den aller siste finalen i cupvinnarcupen, eit møte som fann stad på Villa Park i Birmingham. Våren 2003 leidde Nedvěd Juventus fram til Meisterliga-finale mot AC Milan. Grunna mange gule kort måtte han stå over finalen, ein kamp som enda med Juventus-tap. Seinare i 2003 vart han kåra til Årets spelar i Europa. Nedvěd var aktiv i Juventus til 2009. Han var såleis ein av dei spelarane som heldt fram i klubben, etter at klubben i 2006 vart frådømt seriepokalen og sendt ned i Serie B.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nedvěd deltok i 91 landskampar for Tsjekkia i tida 1994-2006. I hans tredje landskamp, Nedvěds fyrste heile kamp i landslagsdrakta, vann Tsjekkia i Praha 2-0 over Noreg og kneip EM-plassen framfor det norske mannskapet. Sommaren 1996 var Nedvěd var ein dei fremste på det tsjekkiske laget som nådde finalen i europameisterskapen i England, der Tsjekkia tapte EM-finalen på «golden goal» mot Tyskland. Fire år seinare rauk Tsjekkia ut or EM i fotball 2000 tidleg i leiken. Frå hausten 2000 var Nedvěd Tsjekkias lagkaptein i 40 kampar. Under Fotball-EM 2004 i Portugal tok Tsjekkia seg til semifinalane. I semifinalen mot Hellas vart Nedvěd kneskadd, og måtte gå av bana. Hellas vann 1-0 og seinare europa-pokalen, medan Nedvěd fekk plass på All Star-teamet i turneringa. I november 2005 var han på plass då Tsjekkia kvalifiserte seg til verdsmeisterskapen i Tyskland, etter to 1-0-sigrar over Noreg. Nedvěd deltok i alle tre VM-kampane til Tsjekkia i 2006, alle tre med tap. Gjennom 12 år skåra han 18 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 1996 med Tsjekkia
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1999 med SS Lazio
  • Tsjekkoslovakisk ligameister: 1993 med Sparta Praha
  • Tsjekkisk ligameister: 1994 og 1995 med Sparta Praha
  • Tsjekkisk cupmeister: 1996 med Sparta Praha
  • Italiensk seriemeister: 2000 med Lazio, 2002 og 2003 med Juventus
  • Italiensk cupmeister: 1998 og 2000 med Lazio
  • Finaletap i meisterligaen: 2003 med Juventus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]