Meisterligaen 2003

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2003 - Milan i stripete trøyer

Meisterligaen 2003 var den 11. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den italienske klubben AC Milan vann turneringa den 28. mai 2003 på Old Trafford i Manchester då laget, etter 120 mållause minuttar, skåra på tre av fem straffespark i den avgjerande straffetevlinga mot Juventus, eit anna italiensk lag som einast fekk to nettkjenningar på fem forsøk. 63 215 tilskodarar var til staden på tribunane.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Milan: Dida, Alessandro Costacurta, Alessandro Nesta, Paolo Maldini, Kacha Kaladse, Gennaro Gattuso, Andrea Pirlo, Clarence Seedorf, Rui Costa, Andrej Sjevtsjenko og Filippo Inzaghi. Frå midt i andre omgang kom etter tur Roque Júnior, Serginho Santos og til sist Massimo Ambrosini inn i staden for høvesvis Costacurta, Pirlo og Costa.

Juventus: Gianluigi Buffon, Lilian Thuram, Ciro Ferrara, Igor Tudor, Paolo Montero, Mauro Camoranesi, Alessio Tacchinardi, Edgar Davids, Gianluca Zambrotta, David Trézéguet og Alessandro Del Piero. Alessandro Birindelli tok plassen til Tudor i 42. minutt og Antonio Conte kom inn i pausen, då Camoranesi gjekk ut. I det 65. minutt kom Marcelo Zalayeta inn, då Edgar Davids tok plass på benken.

Markus Merk frå Tyskland dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]