Peder Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peder Bugge
Peder Olivarius Bugge mp000865 (cropped).jpg
Fødd 2. desember 1764
Holt
Død

6. desember 1849
Trondheim

Peder Bugge på Commons

Peder Olivarius Bugge (2. desember 17646. desember 1849) var biskop i Nidaros bispedømme 18031842 og stortingsmann 1815-16. Han hadde ei sentral rolle i norsk kristenliv og politikk i tida kring 1814. På begge felta hevda Bugge synspunkt, til ulike tider, som stod sterkt mot einannan. Av den grunn fekk han tilnamnet 'Bifrons', mannen med to ansikt. Bugge var far til presten Søren Bugge og pedagogen Frederik Moltke Bugge.

Presten og biskopen[endre | endre wikiteksten]

Peder Bugge vart fødd i Holt i Aust-Agder. Faren Søren Bugge var sokneprest i Vanse. 11 år gammal vart Peder sendt til Bergen for å få undervisning av rektor Arentz, seinare vart han til 1782 undervist av rektor Monrad i Kristiansand. 1786 vart han cand. theol., året etter tok han magistergraden.

1787-90 var Bugge sokneprest til Skuldelev på Sjælland i Danmark. År 1790 tok han over embetet som sokneprest i Vanse etter far sin. Medan han var sokneprest i Vanse arbeidde han med ei avhandling som han sende til universitetet i Göttingen, ei avhandling som førte til at han vart dr. theol. i 1796. 1799 vart han sokneprest til Trinitatis kyrkje i Fredericia i Danmark.

År 1803 vart Bugge utnemnd til biskop i Trondheim. Han hadde ikkje noko ynskje om dette embetet, det var leiaren av kanselliet i København som stod bak. 10. mai 1804 vart han og fire andre biskopar, mellom dei Johan Nordahl Brun og Mathias Bonsak Krogh, samstundes vigd til embeta sine i København. Bugge tok avskjed som biskop i 1842.

Bugge vart oppdregen i eit herrnhutisk kristensyn. Hans tidlege skrifter er prega av dette synet. Doktoravhandlinga er derimot gjennomført rasjonalistisk. Seinare modererte han dette synet og vende seg meir mot barndomlærdomen.

Politikaren[endre | endre wikiteksten]

Under Eidsvollsforsamlinga i april-mai 1814 var Bugge med i prins Kristian Fredrik sin delagasjon. Han laga då eit utkast til grunnlover for kongeriket Norge. Bugge var negativ til Mossekonvensjonen.

Bugge vart i 1815 vald til representant til Stortinget frå Trondheim. Under tingsamlinga var han både president og visepresident i Odelstinget, og visepresident i Stortinget. Han var formann i fem av dei elleve stortingskomiteane han var med i.

Bugge krynte Kong Karl Johan i Nidarosdomen i 1818. I talen han heldt ved kroninga gav han kongen æra for Noregs fridom. Talen førte til at alle vindauga i biskopsgarden vart knust ved steinkasting.

Han var 1815-20 preses i Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Peder Bugge budde i Trondheim frå han forlet bispestolen og til han døydde.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]