Peder Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peder Cappelen
Peder v C maleri.JPG
Fødd 24. januar 1763
Skien
Død

11. mars 1837

Peder Cappelen på Commons

Peder Juel von Cappelen (24. januar 176311. mars 1837) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann. Han var fødd i Skien, der faren mellom anna var skipsreiar og sagbrukseigar. Didrich von Cappelen var bror hans.

Cappelen lærte kjøpmannskap i utlandet og hos far sin i Skien. I 1784 tok han borgarskap på Strømsø i Drammen, godt hjelpen av ein større formue i farsarv. Denne formuen auka han med stor handel i trelast og annan grossisthandel. Han kjøpte i 1795 Eidsfos Jernverk, 1801 Jarlsberg verk og seinare Kongsberg jarnverk.

I 1808 fekk Cappelen bygt 'Austad gård' i Skoger, etter seiande ved hjelp av svenske krigsfangar, og budde der i mange år. Han tok initiativet til å få bygt den fyrste brua over Drammenselva, ho vart bygt 1812-13. Til universitetet gav han 10000 riksdalar. Under den økonomiske krisa 1817-20 skal Cappelen ha vore den einaste storkjøpmannen i Drammen med solide finansar.

Cappelen var 1. representant frå Drammen til Stortinget 1815-16. Han var medlem av sju komitear, mellom dei om land-, skog- og bergvesen, om utskiping og om kjøpstad i Grimstad.

Cappelen vart tildelt Medaljen for borgardåd. Han døydde på Eidsfoss i 1837.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]