Pelargonium
| Pelargonium | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Storkenebbordenen Geraniales |
| Familie: | Storkenebbfamilien Geraniaceae |
| Slekt: | Pelargonium Aiton, 1789 |
Pelargonium, tidvis også kalla «geranium»,[1] er ei biologisk slekt i storkenebbfamilien (Geraniaceæ). Slekta har rundt 200 artar, og omfattar buskar, sukkulentar og fleirårige blomar. Mange av desse blir dyrka som potte- eller hageplantar.
Dei fleste pelargoniumartana stammar frå floraregionen Cape i det sørlege Afrika. Den første kjende planten som blei frakta til Europa og dyrka var Pelargonium triste, truleg før 1600. Johannes Burman gav slekta namnet Pelargonium i 1738 etter gresk pelargós (πελαργός), 'stork', ettersom ein del av blomen minner om eit storkenebb. Det tidlegare slektsnamnet, Geranium, gjeve av Linné, tyder 'trane'. Denne slekta blei delt inn i noverande Geranium og Pelargonium av Charles L'Héritier i 1789.
Pelargonium blir dyrka som pynte- og nytteplantar. Rosengeranium (P. graveolens) blir brukt i parfymeindustrien for ulike lukter. Blad og blomar kan også brukast til å smaksetta dessertar og te.
- Hengande pelargonium
- Pelargonium grandiflorum
- Rosengeranium (P. graveolens)
- Hagepelargonia Pelargonium x hortorum
- Pelargonium x hortorum
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pelargonium» frå Wikipedia på engelsk, og «Pelargonsläktet» frå Wikipedia på svensk den 13. juli 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Pelargonien» frå Wikipedia på tysk, den 13. juli 2010.