Per Fokstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Fokstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1890
Tana kommune
Død

10. desember 1973 (83 år)

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Per Fokstad (3. september 189010. desember 1973) var ein norsk lærar, Ap-politikar, samepolitikar, samisk intellektuell, statsstipendiat og ein pioner i kampen for bruk av samisk språk i grunnskulen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Fokstad var gardbrukarar i Bonakas i Tana. Daglegspråket i heimen var nordsamisk, og Per, som var yngst av fem søsken, kunne ikkje norsk då han byrja på skulen. Han byrja som 19-åring på Tromsø off. lærarskule og tok eksamen der i 1912.

Same haust byrja han som lærer på Norskholmen skole i heimkommunen Tana. I dei følgjande ti åra skulle han fira gangar ta permisjon for vidare studiar, tre av gongane i utlandet.

Skuleåret 1915–1916 studerte han ved Askov folkehøjskole i Danmark, eit studium som var ein etterutdanning for lærarar frå heile Norden. Medan han var i Danmark kom han i kontakt med grønlandske miljø i hovudstaden. Hausten 1917 studerte han fiolin med meir på Statens 4-maanedlige sangkursus i Oslo. Skuleåret 1919–1920 studerte han ved Woodbrooke College i Birmingham i England. Året etter (1920–21) studerte han ved Institut du pantheon de France i Paris, der han mellom anna vart kjent med filosofien til Henri Bergson.

Allereie frå sin første publiserte artikkel i 1917 agiterte Fokstad for samisk morsmålsopplæring i grunnskulen. På ein konferanse i 1919 var han arkitekten bak ein resolusjon som kravde a) at samisk skulle vera undervisningsspråk dei tre første skuleåra, b) at all religionsundervisning skulle føregå på samisk og c) innføring av norsk som framandspråk. Han følgde opp ideane med ein artikkel i 1923, og med ein detaljert betenkning til Den parlamentariske skolekommisjon (1923–1926). I 1937 foreslår han, saman med rektor M. Bremer eit «kulturinstitutt for samene». I 1948 deltok han i eit underutval som leverte ei Tilråding om samiske skole- og opplysningsspørsmål til Samordningsnemnda for skoleverket.

Ved sida av virket som lærer på Norskholmen og seinare som rektor ved Bonakas skule, engasjerte han seg i politikken; og sat som ordførar i Tana frå 1937 til 1944 og frå 1945 til 1948. Frå 1946 til 1947 var han leiar av fylkesskulestyret i Finnmark, og frå 1953 var han leiar av det fylkestingsoppnemnde Samisk råd for Finnmark. Han leidde rådet i ti år, til det vart avløyst av Norsk Sameråd. Han sat òg i den regjeringsoppnemnde Samekomiteen (Komiteen til å utred samespørsmål) 1956–1959. I fleire av desse verva vidareførte han engasjementet for samisk mormålsopplæring. John Gustavsen (2003) spekulerer i i kva grad Samekommisjonen i 1956 vart oppretta dels som følgje av brev frå Fokstad til Gerhardsen i juni 1953.

Fokstad deltok ved opprettinga av Norske Samers Riksforbund i Kautokeino i 1969.

Han tok namnet Fokstad i studietida i Tromsø; foreldra heitte Pavelsen. Han gifta seg i 1931 med Aslaug Schøn (1912–1998) frå Kiby, 21 år yngre enn han. Paret fekk fem barn. Han vart utnemnd til statsstipendiat i 1960, då han var 70 år gammal. I 1961 mottok han Kongens fortjenstmedalje i gull.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1917 – «Hvordan fornorskningen i barneskolen grep ind i mit liv» I: Fornorskningen i Finmarken. Red.: Hidle og Otterbech. Kra, 1917
  • 1920 – «The land of the lapps» I: Woodbrooke Chronicle, july 1920
  • 1920 – «Finske ordsprog» I: Kulturverdier hos Norges finner. Red.: J. Otterbech. Kra, 1920
  • 1923 – «Samiske tankar og krav» I: Norsk Aarbok, 1923
  • 1963 – Radioforedrag om John Savio. NRK, 21. januar 1963
  • 1967 – «Litt om det samiske problemet sett innenfra» I: Sami ællin VI. Oslo, 1967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dahl, Tor Edvin. Samene i dag – og i morgen. Gyldendal, 1970
  • Gjessing, Gutorm. Norge i sameland. Gyldendal, 1973
  • Gustavsen, John. «En foregangsmann blant samene» I: Nordkalotten, nr 2, 1977
  • Gustavsen, John. «I forsvar for et underkuet folk» I: Utdanning, nr 19, 2003
  • Gustavsen, John. «Spøkelser går igjen i samenes land» Kronikk I: Aftenposten, 30.5. 2003
  • Hætta, Odd Mathis. «Per Fokstad - portrett av en visjonær samisk pioner». I: boka dasgo eallin gáibida min soahtái ja mii boahtit - mii boahtit dállán! = - selve livet kalder os til kamp og vi kommer - vi kommer straks! 1919-1999. John T. Solbakk (red). Kárášjohka, 1999. ISBN 82-92044-00-0
  • Jensen, Eivind Bråstad. «Den sørgelige beretninga om samiske elever og opplæring i samisk på Tromsø seminar» I: Norsk skoleblad, nr 25, 2001
  • Jensen, Eivind Bråstad. «Tromsøseminarister som pionerer i samepolitisk arbeid» I: Norsk skoleblad, nr 25, 2001
  • Jensen, Eivind Bråstad. Kronikk. I: Nordlys, 6.2. 2004
  • Fokstad, Unni Schøn. Visjonæren og nasjonsbyggeren – Per Fokstads kamp for samisk språk og kultur. ČálliidLágádus, 2017. ISBN 978-82-82632-44-7.