Perrine Pelen
Perrine Pelen | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 3. juli 1960 (62 år) Boulogne-Billancourt |
Idrett | alpint |
Tok del i |
Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – women's giant slalom, alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – women's giant slalom, alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – women's slalom |
Utmerkingar |
offiser av Æreslegionen |
Perrine Pelen (fødd 3. juli 1960) er ein fransk tidlegare skirennar frå Boulogne-Billancourt som vart verdsmeister i slalåm i 1985. Ho var ein av dei beste kvinnelege alpinistane i fyrste halvparten av 1980-åra. Slalåm var hennar spesialøving, ho hevda seg elles godt også i storslalåm og i kombinasjonsrenn. Pelen vann fem medaljar i olympiske leikar og verdsmeisterskap i perioden 1980-85.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Pelen vann ein bronsemedalje i storslalåm då dei olympiske leikane vart avvikla i Lake Placid i 1980, Hanni Wenzel frå Liechtenstein tok gullmedaljen og vesttyske Irene Epple sølvmedaljen. To år seinare sikra Pelen seg sølvmedaljen i kombinasjonen ved VM i alpine greiner 1982 i Schladming, sveitsiske Erika Hess tok gullmedaljen.
Pelen vann to medaljar under vinterleikane 1984 i Sarajevo. Ho tok sølv bakom italienske Paoletta Magoni i slalåm, og ho fekk bronse i storslalåm bak USA-amerikanarane Debbie Armstrong og Christin Cooper.
Høgdepunktet som skirennar opplevde Pelen ved VM i alpine greiner 1985 i Vail i USA, der ho rann inn til VM-gull i spesialgreina slalåm.
Mellom 1977 og 1984 vann Pelen femten renn i verdscupen, alle i slalåm. Størst suksess hadde ho i 1980-sesongen med fire sigrar, dermed vann ho slalåm-pokalen i verdscupen 1980. Frå 1979 til ho la opp i 1986 vart ho fransk meister ti gongar; sju i slalåm og tre i storslalåm.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Perrine Pelen» frå Wikipedia på tysk, den 6. desember 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Perrine Pelen» (engelsk). Olympedia. Henta 7. februar 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1960
- Franske alpinistar
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Franske deltakarar under vinter-OL 1980
- Alpinistar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Franske deltakarar under vinter-OL 1984
- Alpinistar under vinter-OL 1984