American Girl av Tom Petty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
American Girl
Singel av Tom Petty and the Heartbreakers
frå albumet Tom Petty and the Heartbreakers
B-side Fooled Again (I Don't Like It) (US) / Luna (live) (UK)
Utgjeve Februar 1977
Innspelt Shelter Studios, Hollywood, 4. juli 1976
Sjanger Rock
Lengd 3:35
Selskap Shelter, Island
Låtskrivar(ar) Tom Petty
Produsent Denny Cordell
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
«Anything That's Rock and Roll»
(1977)
American Girl «I Need to Know»
(1978)


«American Girl» er ein song frå Tom Petty and the Heartbreakers frå debutalbumet deira. Songen vart gjeven ut som den andre singelen deira i USA, og den tredje i Storbritannia, der han nådde 40. plassen på singellista den 27. august 1977. Songen vart rangert på 76. plassen på lista til Rolling Stone over dei beste gitarsongane gjennom tidene.[1]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

«American Girl» nyttar standard rockeinstrumentering med elektriske gitarar (Petty og Campbell), elektrisk bass (Blair), trommer (Lynch) og klaverinstrument (Tench). Tempet er raskt og «hastig»,[2] og er bygd på eit repeterande skramlande gitarriff basert på ein «Bo Diddley-beat».[3]

Rolling Stone skildra songen «Det superladde riffet set malen for eit tiår med Petty-hittar, men var òg ein hyllest til the Byrds: Petty og Mike Campbell sine to gitarar spegla Roger McGuinn sin 12-strengjar, og blanda folkrock frå 1960-åra med New Wave-energi.»[1]

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Sidan teksten nemner bilar som køyrer på «441» og ei desperat jente på ein balkong, så har det vorte indikert at han vart skriven om ei jente som er i ferd med å gjere sjølvmord med å hoppe frå eit hus i University of Florida i Gainesville i Florida der Tom Petty voks opp. Vegen går like ved dette universitetet,

Då Petty vart spurt om historia i songen i boka Conversations with Tom Petty svarte han:

« «Vandresoge. Det vart ei stor vandresoge i Florida. Det er ikkje sant i det heile tatt. Songen har ingenting med det og gjere. Men soga har fått feste. Eg har sett artiklar i magasin om denne soga. 'Er det sant eller ikkje' Dei kunne berre ha ringt meg å funne ut at det ikkje var sant.»[4] »

I same intervjuet fortalte Petty om då han skreiv songen, medan han budde i California:

« «Eg hugsar det ikkje heilt nøyaktig. Eg budde i ein leilegheit like ved motorvegen. Og det køyrte bilar forbi. I Encino, nær huset til Leon Russell. Og eg hugsar eg tenkte at det høyrtes ut som havet. Det var havet mitt. Mitt Malibu. Der eg høyrte bølgjer bryte, men det var berre bilar som køyrde forbi. Eg trur det må ha inspirert meg til å skrive teksten.»[4] »

Teksten «raised on promises» verkar å ha kome frå ei linje i dialogen i Francis Ford Coppola-filmen Dementia 13 frå 1963. Han refererer til ei anna kvinne, der rollefiguren Louise seier, «Especially an American girl. You can tell she was raised on promises.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • «American Girl» med B-sida «Fooled Again (I Don't Like It)»
    Shelter 62007 (US)
  • «American Girl» med B-sida «The Wild One, Forever»
    Shelter WIP6377 (UK)
  • «American Girl» med B-sida «Luna» (Live) *
    Shelter WIP6403 (UK)
    * teken frå The Official Live Bootleg

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1977 & 1994) Plassering
UK Singles Chart 36
U.S. Billboard Bubbling Under Hot 100 9

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

Tom Petty and the Heartbreakers framførte songen på BBC2-showet The Old Grey Whistle Test i 1978.[5]

Songen er nytta i fleire filmar, som FM (1978), Fast Times at Ridgemont High (1982), Nattsvermeren (1991) og Chasing Liberty (2004). For bruken i The Silence of the Lambs vart songen plassert på lista til UGO over beste bruk av klassisk rock i film.

Han vart nytta i fjernsynsserien Scrubs in ein episode kalla «My Own American Girl», som vart sendt første gongen i 2003. Han vart òg nytta i The Sopranos i sesong seks i episoden «Join the Club». Songen vart nytta i NBC-komedien Parks and Recreation, mot slutten av episoden «Harvest Festival».

Songen er spelbar i videospelet Guitar Hero 5.

Fun Lovin' Criminals sampla songen i 1998 for songen «Big Night Out» frå albumet 100% Colombian.[6]

I følgje Tom Petty innrømde The Strokes å ha stole riffet i 2001 for singelen «Last Nite» frå «American Girl». I eit intervju frå 2006 med Rolling Stone, sa Petty «The Strokes tok 'American Girl', og eg såg eit intervju med dei der dei faktisk innrømde det. Då lo eg høgt. Eg tenkte 'OK, bra for det.' Det plagar meg ikkje.»[7] The Strokes spelte som oppvarmingsband for Tom Petty and the Heartbreakers fleire gonger i 2006.[8]

Songen vart ofte spelt under valmøta til Hillary Clinton under primærvalet til Demokratane i 2008.

Michele Bachmann nytta «American Girl» under starten på presidentkampanjen hennar i 2011 i Iowa, noko som fekk Petty til å krevje at ho ikkje nytta songen.[9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Roger McGuinn frå The Byrds (ei stor inspirasjonskjelde for musikken til Petty), gav ut sin eigen versjon av «American Girl» eit par månader etter originalen kom ut. Likskapane mellom innspelinga til Petty og musikkstilen til The Byrd var så stor at då manageren først spelte «American Girl» for han spurte McGuinn «Kortid skreiv eg den songen?»[10]

«American Girl» er òg spelt av mellom andre Dan Hubbard, Cindy Alexander, Angel City Outcasts, Gin Blossoms, Melora Creager, Cruiserweight, Dance Hall Crashers, Def Leppard, Val Emmich, Everclear, The Gaslight Anthem, Goo Goo Dolls, Humble Gods, Ill Repute, Jack's Mannequin, Fun, Matchbox 20, Of Montreal, Pearl Jam, Rasputina, Saints of the Underground, Six Going On Seven, Smith Westerns, Sugarland, Sum 41, Taking Back Sunday, Taylor Swift (som gav ut songen på singel), The Hush Sound, Tokyo Police Club, Matthew Sweet og Twin Shadow.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The 100 Greatest Guitar Songs of All Time". Rolling Stone. 12. juni 2008. Henta 10. mars 2015
  2. Tom Petty and Tom Frank: Two Geniuses of Pop Culture | The New York Observer
  3. Rock pioneer Bo Diddley dies | Gainesville.com
  4. 4,0 4,1 Zollo, Paul. Conversations with Tom Petty (2005) s.195-196
  5. The Old Grey Whistle Test (DVD). Warner Home Video. 2003. 
  6. «WhoSampled: Fun Lovin' Criminals' Big Night Out sample of Tom Petty and the Heartbreakers' American Girl»
  7. «Tom Petty News on Yahoo! Music». Ca.music.yahoo.com. Arkivert frå originalen den 18. juli 2011. http://ca.music.yahoo.com/read/news/33831760. Henta 13. august 2011. 
  8. MTV News, 7. juli 2006
  9. Petty takes on Bachmann over 'American Girl'» - Yahoo! News
  10. "McGuinn Takes It Easy As Comeback Takes Off» Austin American-Statesman 13. mai 1991: B8