Pierre van der Linden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pierre van der Linden
Pierre van der Linden.jpg
Pierre van der Linden i 2012
Fødd19. februar 1946 (74 år)
FødestadAmsterdam i Nederland
FødenamnPierre van der Linden
OpphavKongeriket Nederlanda
AktivSidan 1967
Sjanger
InstrumentTrommer
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somjazzmusikar, trommeslagar
FarAb van der Linden

Pierre van der Linden (fødd 19. februar 1946) er ein nederlandsk trommeslagar og låtskrivar som er mest kjend som medlem av rockebandet Focus frå 1970 til 1973. Han kom attende til bandet i 1975 og 1990, og har spelt inn og turnert med gruppa sidan 2004.

Han byrja å spele i profesjonelle band i 1960-åra og vart slik ven med gitaristen Jan Akkerman. Dei to spelte i lag i The Friendship Quartet, Johnny and the Cellar Rockers, The Hunters, Brainbox, After Tea, Tee-Set og ZZ and the Maskers. Seint i 1970 slutta Akkerman i Brainbox for å bli medlem av Focus, der van der Linden òg kom med etter eit år. Han spelte mellom anna dei små trommesoloane på hitsingelen «Hocus Pocus». Då bandet gjekk i ei meir kommersiell retning slutta han i Focus i oktober 1973 og kom så inn i gruppa Trace, leia av klaverspelaren Rick van der Linden (tremenningen) og bassisten Jaap van Eik.

I 1975 kom van der Linden ei kort stund attende til Focus. Han turnerte og spelte i studio med Jan Akkerman i 1976 og 1977. Han arbeidde òg med jazzklaverspelaren Jasper van 't Hof og med bandet Sweet'd Buster sitt «Out of the Blue» i 1980.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Swung Vol. 1 & 2 (2014)
  • Drum Poetry (2017)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]