Tettegras
| Tettegras | |
Tettegras | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
| Familie: | Blærerotfamilien Lentibulariaceae |
| Slekt: | Pinguicula |
| Art: | Tettegras P. vulgaris |
| Vitskapleg namn | |
| Pinguicula vulgaris | |
Tettegras (Pinguicula vulgaris) er ein 10 cm høg plante med lysgrøne blad i rosett og eit bladlaus, kjertelhåra blomsterskaft med ein 2 cm lang mørkblå blomster.

Bladoverflata er innsmurt med slim som inneheld enzym slik at plantene kan fordøye insekt som set seg fast i slimet. Planten kan så nyttiggjere seg næringsemne frå dei rotnande insekta.
Vanleg tettegras veks på fuktige stader over heile Noreg, opp til 1600 moh. i Jotunheimen. Planten veks ofte på næringsfattig myr, men han kan òg vekse på nokså tørr mark. Utbreiinga er sirkumpolar.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Tettegrasplantar har vore bruka til produksjon av tettemjølk, ei form for konservering av mjølk. Ein la 30-40 tettegrasblad nedst i eit kjørel, og helte kuvarm mjølk over. Etter ei stund vart mjølka seig, slik at ho ikkje skilde seg i myse og ostestoff.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Planten har namnet «tettegras» fordi blada frå tettegrasartane har vore bruka til å lage tettemjølk.
Det latinske namnet kjem av Pinguis ’feit’, og siktar til blada som skin feittaktig. Vulgaris tyder ’vanleg’.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Dvergtettegras Pinguicula villosa
- Fjelltettegras P. alpina
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- C.A.M. Lindman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
