Dvergtettegras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dvergtettegras
Dvergtettegras
Dvergtettegras
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Lentibulariaceae
Slekt: Pinguicula
Art: Dvergtettegras P. villosa
Vitskapleg namn
Pinguicula villosa

Dvergtettegras (Pinguicula villosa) er ein 5 cm høg plante med små lysgrøne blad i rosett og eit kjertelhåra blomsterskaft med 7 mm lang bleikfiolett krone.

Bladoverflata er innsmurt med slim som inneheld enzym slik at plantene kan fordøye insekt som set seg fast i slimet. Planten kan så nyttiggjere seg næringsemne frå dei rotnande insekta.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dvergtettegras veks på torvmosetuer på fjellmyrar. Planten veks sjeldan i store mengder, mest i fjellskogbeltet, og ein skal ha eit observant auga og god kjennskap til vekseplassen for å finne han. I Noreg finst dvergtettegas i fjellet i frå Tynset og Os til Oppdal, Haltdalen og Brekken, dessutan i Hattfjelldal, og vanlegare frå Saltdal til (Berlevåg) (Båtsfjord)Sør-Varanger. I Sverige veks han i Gotland, i Härjedalen og frå Åsele Lappmark til Torne Lappmark. Elles finst han rundt heile polkalotten, med unntak av Island og Grønland, og slik er han den mest utbreidde av dei tettegrasartane som veks i Noreg.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Dvergtettegras har namnet tettegras fordi blada frå tettegrasartane har vore bruka til å lage tettemjølk.

Det latinske namnet kjem av Pinguis ’feit’, og siktar til blada som skin feittaktig. Villósa tyder ’lodden’.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]