Puerto Montt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Puerto Monnt)
Puerto Montt
Horisonten til Puerto Montt
Horisonten til Puerto Montt
Flagget til Puerto Montt Byvåpenet til Puerto Montt
Flagget til Puerto Montt Byvåpenet til Puerto Montt
Styresmakter
Land
Region
Chile
Los Lagos-regionen
Geografi
Flatevidd 1 673 km²
Innbyggjarar 245 902 (2017)
Innbyggjarar
 - By (2017)

169 736[1]
Høgd over havet 14 m
Tidssone UTC-04:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.puertomonttchile.cl
Nettstad: www.puertomonttchile.cl/
Plassering
Plassering av kommunen innanfor Los Lagos-regionen
Plassering av kommunen innanfor Los Lagos-regionen
Plassering av kommunen innanfor Los Lagos-regionen

Puerto Montt (mapudungun Meli Pulli) er ein hamneby, ein kommune og regionhovudstaden i Los Lagos-regionen i det sørlege Chile. Han ligg i den nordlege botnen av Reloncavíbukta, 1 055 km sør for hovudstaden Santiago. Kommunen spenner over eit område på 1 673 km² og har ei folkesetning på 245 902 i 2017. Kommunen er ein del av Llanquihue-provinsen i regionen.

Puerto Montt vart grunnlagt så seint som i 1853 under den tyske koloniseringa av det sørlege Chile, men voks snart forbi dei eldre nabobyane grunna den strategiske plasseringa i den sørlege enden av den chilenske sentraldalen. Han ligg geografisk mellom innsjøane Llanquihue i nord, og i sør Chiloé-øyane og Austral-sona (Zona Austral), den sørlegaste naturlege regionen i Chile.

Puerto Montt har vakse til å bli det nest største sentrum for lakseproduksjon i verda på 1990- og 2000-talet. Likevel resulterte den chilenske lakseakvakulturkrisa på slutten av 2000-talet i alvorleg arbeidsløyse og tilbakegang i den lokale økonomien. Det kulturelle uttrykket i byen blandar element frå Chiloé-kulturen med ein tysk arv. Byen har tiltrekt seg menneske frå heile Chile dei siste 30 åra som kjem for å finne lønnsarbeid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Merdar ved øya Capera nær Puerto Montt
Frå hamna på vestsida av Puerto Montt
Del av hamna med vulkanen Osorno i bakgrunnen
Foto: Jörg Sancho Pernas

Opphavleg var staden dekt av tjukk skog og vart kalla Melipulli, som betyr «fire åsar» på mapudungun. Han vart vald som inngang til Llanquihuesjøen då nærleik til det opne havet vart oppdaga. Etter at skogen vart felt, vart området brent for å rydde landet.[2] Byen vart grunnlagd den 12. februar 1853, etter at regjeringsstøtta immigrasjon frå Tyskland som byrja i 1848 folkesette regionen og integrerte den politisk med resten av landet. Byen vart kalla opp etter Manuel Montt, presidenten i Chile mellom 1851 og 1861, som sette i gang den tyske innvandringa.

I 1912 fekk byen jernbanesamband med Santiago, noko som gjorde han til eit viktig inngangspunkt til det chilenske Patagonia og auka den kommersielle utvikling. I 1950 hadde han ein folkesetnad på 27 500, og byområdet vart raskt urbanisert. Likevel øydela jordskjelvet i Valdivia i 1960 store delar av Puerto Montt, og kollapsa hamna og jernbanestasjonen saman med mange bygningar og hus. Etter kvart kom byen seg, og vart igjen eit viktig bysentrum og dessutan ei hamn av nasjonal tyding.[3]

Valdshendinga i 1969[endre | endre wikiteksten]

Puerto Montt-massakren var ei storhending som fann stad i mars 1969 i Llanquihue-provinsen i Chile der 90 landlause personar fekk råd frå sosialistisk parlamentsmedlem Luis Espinoza om å busetje seg på ledig jordbruksland utan å betale leige. Etter først å ha fått løfte av den lokale politisjefen om fred, kom det ei endring av planane frå innanriksdepartementet, og 250 væpna politimenn starta eit åtak på familiane, drap 8 og skadde andre, og brente ned alle dei nybygde husa.[4] Massakren forårsaka eit offentleg ramaskrik og var ein viktig faktor i nederlaget til Eduardo Frei sitt parti i det chilenske presidentvalet i 1970, som vart etterfølgd av Salvador Allende sitt Unidad Popular. Massakren blir hugsa gjennom songen Preguntas por Puerto Montt av Víctor Jara.

Frå 1979 av var Puerto Montt det viktigaste administrative, politiske og kommersielle sentrum i Sør-Chile.[5]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Av den totale folkesetnaden i kommunen tilhøyrer 52 483 personar ulike urfolksgrupper i følge tal frå folketeljinga i 2017. Av desse er 50 247 folk frå mapuche, 314 er aymaraer, 73 rapa nui-folk, 19 atacam-folk, 84 quechuaer, 27 kolla-folk, 136 diaguita, 114 alakaluf, 38 yaganfolk, 175 av andre grupper. Det er 1256 menneske med urfolksstatus utan tilhøyrsle til ei identifisert gruppe.

Omtrent 3 595 personar er innvandrarar, dei største gruppene frå Argentina (1 527) og Colombia (596). Elles frå andre land i Sør-Amerika og 242 frå Europa.[6]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Puerto Montt har eit vått, maritimt klima (Köppen: Cfb) med mykje nedbør året rundt, men med ein tørketrend om sommaren. Sjølv om temperaturane konsekvent er under 25 °C, førekjem frost veldig sjeldan og berre eit par gonger i månaden om vinteren. For å vere på 41. breiddegrad sør, nærare ekvator enn sørpolen, er Puerto Montt mykje kjøligare enn område lenger inne i landet når det gjeld sommartemperaturar. Det skuldast kjølige havstraumar langs stillehavskysten. Dette blir forsterka av mangelen på ein stor landsmasse på desse parallellane på den sørlege halvkula. Det betyr at Puerto Montt har mykje kjøligare somrar enn område med tilsvarande avstandar frå ekvator på den nordlege halvkula.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Byøkonomien er basert på jordbruk, storfe og skogbruk på dei omkringliggjande øyane, og fiske og lakseakvakultur i fjordane og nærliggande havområde.

Byen er utvikla som knutepunktet for ei av dei største lakseakvakulturnæringane i verda. Klekkeri, slakteri og pakkeri ligg stort sett sør for Puerto Montt. Fersk laks blir flogen dagleg til verdsmarknader, og frosen laks blir send sjøvegen til somme destinasjonar. Den enorme veksten i regionen, hovudsakleg på grunn av laksenæringa, men òg på grunn av rask utviding av skogbruk, storfe og turisme, har bevist det enorme økonomiske potensialet til Puerto Montt og området rundt.

El Tepual flyplass er den viktigaste kommersielle flyplassen som betener byen. Tre flyselskap flyg regelmessig til og frå Santiago, Punta Arenas, Balmaceda og Antofagasta. Flytida til Santiago er omtrent to timar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 https://geoarchivos.ine.cl/File/pub/Cd_Pb_Al_Cs_2019.pdf; vitjingsdato: 12. januar 2021.
  2. César A. Sánchez Vera. «Historia de Puerto Montt». Diario El Llanquihue. Arkivert frå originalen 8. februar 2017. Henta April 20, 2016. 
  3. Oficina Municipal de Patrimonio Cultural. «Historia». Municipalidad de Puerto Montt. Arkivert frå originalen 17. mai 2016. Henta 20. april 2016. 
  4. «Chile: 9 de marzo de 1969, masacre en Puerto Montt, ni olvido, ni perdón.». Correo de los trabajadores. Arkivert frå originalen 26. april 2016. Henta 17. april 2016. 
  5. Oficina Municipal de Patrimonio Cultural. «Historia». Municipalidad de Puerto Montt. Arkivert frå originalen 17. mai 2016. Henta 20. april 2016. 
  6. Censo 2017 (2017). «Resultados Censo 2017 por país, regiones y comunas» [Census 2017 results by country, region and commune] (på spansk). Arkivert frå originalen 29. november 2018. Henta 28. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Puerto Montt