Hopp til innhald

Qazym-Zjomart Toqajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qazym-Zjomart Toqajev

FøddҚасым-Жомарт Кемелұлы Тоқаев
17. mai 1953 (71 år)
Almaty
Statsborgar avKasakhstan
Yrkepolitikar, diplomat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedMGIMO
Det russiske utenriksdepartements diplomatakademi
MorTurar Shabarbayeva
FarKemel Toqayev
EktefelleNadezhda Tokayeva
BarnTimur Tokayev, Timur Kemel
VervKasakhstan sin president 2019–
FøregangarNursultan Nazarbajev
Alle verv
  • United Nations Office at Geneva (2011–2013)
  • Kasakhstans statsminister (1999–2002)
  • Kasakhstans president (2019–)
  • Minister of Foreign Affairs of Kazakhstan (1994–1999)
  • Minister of Foreign Affairs of Kazakhstan (2003–2007)
  • State Counsellor of Kazakhstan (2002–2003) Sjå dette på Wikidata

Qasym-Zjomart Kemeluly Toqajev[a] (fødd 17. mai 1953 i Almaty) er ein kasakhstansk politikar som frå 20. mars 2019 er president i Kasakhstan. Han overtok presidentembetet etter Nursultan Nazarbajev, som trekte seg frå stillinga etter å ha vore president sidan Kasakhstan blei sjølvstendig. Toqajev har ein karriere som diplomat og har vore kasakhisk utanriksminister og statsminister, i tillegg til senatspresident.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Toqajev er son av ein forfattar og blei fødd inn i det som er skildra som ein sovjetisk elitefamilie.[1]

Han er utdanna ved Det statlege instituttet for internasjonal politikk i Moskva (MGIMO).[2]

Sovjetisk og russisk diplomat

[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha avlagd slutteksamen ved MGIMO i 1975, byrja Toqajev på ein karriere i den sovjetiske utanrikstenesta og ved utanriksdepartementet i Moskva. Han har vore stasjonert i Singapore og Kina. I 1991, året då Kasakhstan blei sjølvstendig, arbeidde han ved den sovjetiske ambassaden i Beijing. Han fullførte diplomatakademiet i Russland i 1992.[2]

Kasakhstansk diplomat

[endre | endre wikiteksten]
Toqajev som generaldirektør for SNs Genève-kontor.

Toqajev blei i 1992 viseutanriksminister i heimlandet Kasakhstan, for så å bli fyrste viseutanriksminister året etter og utanriksminister i 1994.[2]

Han blei visestatsminister i mars 1999 og statsminister frå oktober same år.[2] Han gjekk av som statsminister i 2002 og gjekk etter dette tilbake til utanriksdepartementet. Toqajev blei på nytt utanriksminister, ei stilling han hadde fram til 2007.[2]

I 2007 blei Toqajev president i det kasakhstanske senatet. Same året blei han med i Nur Otan-partiet, der han også sit i partileiinga.[2]

Generalsekretæren i SN utnemnde i mars 2011 Toqajev til generaldirektør for Genève-kontoret til SN.[3] Samstundes blei han visegeneralsekretær og personleg representant for SNs generalsekretær ved Nedrustingskonferansen, der han også var generalsekretær for konferansen.[2]

President Toqajev i møte den russiske presidenten Vladimir Putin 3. april 2019.

Nursultan Nazarbajev, som hadde vore president sidan Kasakhstan blei sjølvstendig, trekte seg i mars 2019, blei Toqajev etterfølgjaren hans i kraft av stillinga som senatspresident.[4] Toqajev blei innsett i presidentembetet 20. mars 2019.[5]

Partiet Nur Otan nominerte så Toqajev til presidentkandidat i valet som blei lyst ut til 9. juni 2019.[6] Det skjedde ved ein partikongress leia av Nursultan Nazarbajev, partileiar i Nur Otan.

I samband med presidentvalet, som Toqajev var venta å vinne, fann det stad demonstrasjonar og politiet pågreip både demonstrantar og journalistar.[7] Ifølgje valkommisjonen i landet vann Toqajev presidentvalet med 70,96 % av røystene.[8] Den næraste rivalen, Amirzjan Kosanov, fekk 16,23 % av røystene.[9] Internasjonale valobservatørar meinte valet var fiksa.[10] Valobservasjonenen til OSSE rapporterte om mangel på respekt for grunnleggjande rettar og demokratiske standardar og fann omfattande avvik ved avviklinga av valet.[11]

  1. kasakhisk kyrillisk Қасым-Жомарт Кемелұлы Тоқаев, russisk Касым-Жомарт Кемелевич Токаев
  1. Joanna Lillis: «Kazakhstan: A president called Tokayev. A future called Nursultan», Eurasianet, 20. mars 2019. Vitja 1. juni 2019.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «The President of the Republic of Kazakhstan» Arkivert 10. juli 2015 på Wayback Machine., Kasakhstans presidentkontor. Vitja 1. juni 2019.
  3. «Secretary-General Appoints Kassym-Jomart Tokayev of Kazakhstan as Director-General, United Nations Office at Geneva», FN, 11. mars 2011. Vitja 1. juni 2019.
  4. «Kazakh leader Nazarbayev resigns after three decades», BBC News, 19. mars 2019. Vitja 1. juni 2019.
  5. «Qasym-Jomart Toqayev Takes the Oath of Office» Arkivert 1. juni 2019 på Wayback Machine., Kazach TV, 20. mars 2019. Vitja 1. juni 2019.
  6. Assel Satubaldina: «Kazakh ruling party nominates incumbent President Tokayev as candidate for June 9 presidential election», Astana Times, 23. april 2019. Vitja 1. juni 2019.
  7. «Hundreds Detained In Kazakhstan As Nazarbaev's Chosen Successor Set To Win Presidential Election». RadioFreeEurope/RadioLiberty (på engelsk). 9. juni 2019. Henta 9. juni 2019. 
  8. Zhussupova, Dilshat (10. juni 2019). «Tokayev wins Kazakhstan’s presidency with 70.76 percent of vote, official preliminary results say». The Astana Times (på engelsk). Arkivert frå originalen 10. juni 2019. Henta 10. juni 2019. 
  9. «Kazakh Human Rights Groups Demand Thorough Investigation Of Mass Detentions During Election». RadioFreeEurope/RadioLiberty (på engelsk). Henta 11. juni 2019. 
  10. Lillis, Joanna (9. juni 2019). «Hundreds arrested as Kazakhs protest against 'rigged' election». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 9. juni 2019. 
  11. «Potential for political reform left untapped in Kazakhstan’s early presidential election through lack of respect for fundamental freedoms and widespread voting irregularities, international observers say | OSCE». www.osce.org. Henta 10. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Qazym-Zjomart Toqajev