Río Negro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rio Negro
elv
Negroamazonrivermap.png
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Sideelvar Branco frå nord, Vaupés frå vest
Lengd 2 250 km
Kjelde Vaupés: Vest for byen Calamar, Colombia og
Guainía-elva i Guainía-departementet
Munning Amazonaselva
 - høgd 30,5 moh.

Río Negro
2°0′5″ N 67°6′59″ W
Wikimedia Commons: Rio Negro (Amazon)

Rio Negro (portugisisk: Rio Negro [ˈʁi.u neɡɾu]; spansk: Río Negro [ˈri.o ˈneɣɾo]), òg kjent som Guainíaelva i Colombia, er den største nordlege sideelva til Amazonaselva og bidreg med ca. 14 % av vassmengda i Amazonasbassenget.[1] Ho er den største svartvasselva i verda og ei av dei ti største elvene i verda målt i gjennomsnittleg vassføring.[2]

Elva er knytt til elvesystemet Orinoco via Casiquiare-kanalen, ein såkalla bifurkasjon. Río Negro dannar grensa mellom Colombia og Venezuela før ho renn inn i den brasilianske delstaten Amazonas. På grensa til delstaten Roraima sluttar den største sideelva Branco seg til Negro. Få kilometer nedanfor Manaus møter Negro hovudlaupet til Amazonas. I alt er Río Negro 2250 kilometer lang målt frå utspringet til Guainíaelva og ned til munninga.[3]

Ho har namn etter det klåre, svarte vatnet. Fargetonen liknar svart te og farga kjem av tannin frå nedbryting av organisk materiale i skogkledd våtmark, og dessutan lågt innhald av elveslam, silt.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Samløpet av Amazonaselva og Río Negro vest for Manaus, Brasil
MS «Magellan» ved elva Negro mot byen Manaus

Øvre elvelaup[endre | endre wikiteksten]

Den vestlegaste kjelda til Río Negro er utspringet til elva Vaupés i Guaviare-departementet i Colombia. Vaupés munnar ut i Río Negro og er over 1000 kilometer lang. Ei anna, og nordlegare kjelde til Río Negro finst i Guainía-departementet der elva er kjent som Guainíaelva. Frå utspringet flyt ho ca. 350-400 kilometer aust-nordaust gjennom Puinawai nasjonalreservat, bøyer sør og vert grenseelv mellom Guainía-departementet i Colombia og delstaten Amazonas i Venezuela.

Etter å ha passert dei colombianske samfunna Tonina og Macanal, bøyer Guainíaelva sørvest. Maroa er den første venezuelanske byen elva passerer. Ca. 120 km lenger nedstraums får elva Casiquiare-kanalen på venstre hand, kanalen dannar ei unik kopling mellom Orinoco og Amazonasbassenget. Framover heiter elva Río Negro.

Mellomlaup[endre | endre wikiteksten]

Río Negro held no fram i søraustleg retning forbi den venezuelanske byen San Carlos de Río Negro, den største busetjinga ved elva, og den colombianske byen San Felipe. I dette strekket blir elva tilført stadige sidefloder frå begge sider, og ho veks raskt i storleik og skaper store elveøyar, eit fellestrekk for elvar i Amazonasbassenget. Etter å ha danna grensa mellom Colombia og Venezuela i ca. 260 km, når Río Negro landskapet ved Piedra del Cocuy, ein magma fjellformasjon frå prekambriske tid, som tilhøyrer Guyanaskjoldet. Midt i elvelaupet ligg trepunktsgrensa Colombia, Venezuela og Brasil, delstaten Amazonas i Brasil. Etter å ha passert Cucuí held elva fram sørover i Brasil, og dreier berre vestover etter fleire kilometer. I Missão Boa Vista sluttar elva Içana seg til Río Negro, og i São Joaquim kjem òg Uaupés-elva (Vaupés), den største sideelva til Río Negro, inn frå høgre side. Río Negro svingar no markant mot aust og dannar fleire stryk og små holmar på vegen austover. Deretter passerer ho Sao Gabriel de Cachoeira, ein viktig kommersiell by. Etter fleire stryk og imponerande utsikt over Adormecida-fjellkjeda, forlèt elva Guyanaskjoldet den kryssa i sin øvre og midtre del.

Lågare elvelaup[endre | endre wikiteksten]

Etter at Marié-elva kjem inn i Río Negro held elva fram sin austleg kurs, dannar mange store øyar og blir veldig brei fleire stader. Det passerer lokalsamfunn som Santa Isabel do Río Negro. I løpet av den våte årstida fløymer elva langt inn i landet her, nokon gonger i ei breidde på 30 km over lange avstandar. I løpet av den regnfulle sesongen, frå april til oktober, dannar ho ei rekke lagunar, fulle av lange øyar og intrikate kanalar med mykje liv i vatnet. I nærleiken av Carvoeiro, den siste store sideelva til Río Negro, sluttar Branco-elva seg til Río Negro, og elva dannar mellombels grensa mellom staten Roraima og staten Amazonas i Brasil. Elva tar no eit meir søraustleg løp og blir igjen veldig brei over mange strekk før ho når storbyen Manaus.

Anavilhanas nasjonalpark, eit 350 018 hektar verna område, som opphavleg var ein økologisk stasjon oppretta i 1981, vernar ein del av landskapet i denne nedre delen av Río Negro. Få kilometer nedanfor øygruppa har Río Negro samlaup med Amazonaselva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fisk frå Río Negro
Foto: Salem Sina

Det var den spanske oppdagingsreisande Francisco de Orellana som gav namnet Río Negro i 1541. På midten av 1600-talet hadde jesuittane slått seg ned langs breidda midt blant mange stammar: indianarar frå Manau, Aruák og Trumá. Etter 1700 gjekk det føre seg slavedrift langs elva, og indianarpopulasjonane vart sterkt reduserte etter kontakt med eurasiske sjukdommar.[4] I ein periode på nærare tre år frå seint 1849 utforska Alfred Russel Wallace Río Negro og Uaupés-elva.[5]

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Jamvel om namnet Río Negro betyr svart elv, er vatnet farga som sterk te, noko som er typisk for svartvasselver. Den mørke farga kjem frå humus på grunn av ein ufullstendig nedbrytning av fenolhaldig vegetasjon.

Río Negro har ein høg artsrikdom. Om lag 700 fiskeartar er dokumenterte i elvebassenget, og det blir estimert at totalen er 800–900 fiskeslag, inkludert nesten 100 endemiar og fleire artar som ikkje er skildra. Blant desse er mange artar som er brukte i akvarium, inkludert kardinaltetra. Som eit resultat av Casiquiare-kanalen er mange ferskvassartar felles for Río Negro og Orinoco. Fordi Casiquiare inkluderer både svart- og klårt- til kvitvatn, er det berre relativt tilpasningsdyktige artar som kan passere gjennom kanalen mellom dei to elvesystema.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Amazon waters flows and floods». amazonwaters.org. Wildlife Conservation Society, Miraflores, Lima. Henta 28. desember 2020. 
  2. «What are the largest rivers by discharge?». mapsofworld.com. Maps od World. 18.september 2018. Henta 28. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Río Negro» av Frida Skatvik i Store norske leksikon, snl.no.
  4. Penn, James R (2001). Rivers of the World: A Social, Geographical and Environmental Sourcebook. Santa Barbara: ABC Clio. Henta 28. desember 2020. 
  5. Raby, Peter (1996). Bright Paradise: Victorian Scientific Travellers. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-04843-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Río Negro