Raketthendinga på Andøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Black Brant-rakett lik den som skapte misforståinga i 1995

Raketthendinga på Andøya (kjend som Black Brant scareengelsk) var ei hending som byrja med ei rakettoppskyting frå Andøya Rakettskytefelt den 25. januar 1995. Raketten, som hadde med seg måleutstyr for å studera nordljos over Svalbard, fekk ein meir nordleg kurs enn det som var planlagt. Ei mistyding hadde også ført til at rakettoppskytinga ikkje vart gjort kjend til radarkontrollørane over det russiske luftrommet. Då raketten vart oppdaga av russiske radarar vart det set i gang førebuingar for å svara med eit atomåtak frå russisk side, sidan det var grunn til å tru at forskingsraketten var ein atomrakett. Den vidgjetne atomkofferten vart sendt til den dåverande russiske presidenten, Boris Jeltsin, som då var klår til å setja i gang eit motåtak mot USA. Det vart hindra då raketten fall i havet, i staden for å halda fram over russiske landområde.

Situasjonen var kritisk i dei minutta mistydinga var verst, og ifylgje russiske styresmakter er dette det næraste dei har vore å føra ut eit atomåtak. Ein samanliknar gjerne hendinga med Cubakrisa i 1962.

Russisk oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Raketten vart fyrst oppdaga av varslingsradaren i Olenegorsk, som oppdaga den over Barentshavet. Ein kunne ikkje identifisera raketten, men russarane var kjent med at USA tidlegare hadde patruljert farvatna langs norskekysten med atomubåtar lasta med Trident-missil, som kunne nå Moskva på 10 minutt. På radarsentralen såg ein òg at det fall seksjonar ifrå raketten, noko som òg er tilfelle for stridshovudet i Trident-missil. Med omsyn til kursen til raketten kunne det verka som om han var retta mot Moskva.

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

Militæret vart sett i omgåande førebuing, og den vidgjetne atomkofferten vart send til president Boris Jeltsin. Sidan ein Trident-rakett kunne nå den russiske hovudstaden på 10 minutt, vart det sett ein frist på nettopp 10 minutt, der ein skulle gjera klår, og taka stilling til om ein skulle gjennomføra eit motåtak

Etter 5 minutt vart russiske ubåtar beordra til å taka inn kampposisjon, og å førebu eit motåtak viss ordre vart gjeve. Russiske strategiplanar tillét eit motåtak sjølv før eit eventuell missil skulle treffa russiske landområde. I 4 minutt venta ubåtmannskap på ordren til motåtak. Men 8 minutt etter at alarmen fyrst gjekk fall raketten ned i Barentshavet. Ordren om å setja i verk eit motåtak vart aldri gjeve.

Informasjonssvikt[endre | endre wikiteksten]

Dei norske og amerikanske forskarane som var ansvarlege for oppskytinga hadde meldt frå om henne veker føre til russiske styresmakter, men denne meldinga vart ikkje gjeve vidare til radaroperatørane, som tolka radarbiletet som eit fiendtleg stridshovud. Det førte til at varslings- og informasjonsprosedyrar vart revaluerte og gjort om.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]