Rakiura Track

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsnitt frå Rakiura Track gjennom krattskogen.
Frå midtre del av ruta.
Lee Bay og kjettingskulpturen ved starten (eller slutten) av Rakiura Track.

Rakiura Track er ei 29 km lang fotturruteStewart Island/Rakiura på New Zealand, og ein av New Zealand Great Walks.

Turen ligg i nasjonalparken Rakiura National Park og kan gjennomførast på tre dagar. Store delar av turen følgjer kystlinja, passerer større og mindre viker og mudderflater, medan den midtre delen kryssar bratte åsar kledde med kratt og tett skog. Der er to hytter langs ruta, ei ved Port William, og ei ved North Arm i Paterson Inlet, og det er mange overnattingar båe stadar. Overnattingar må bestillast på førehand. Hyttene er utstyrte med vedbrensel som er floge inn med helikopter[1] då ingen veg fører til hyttene, og det er ikkje tillate for turgåarar å hogga sin eigen ved. Hyttene er ikkje utstyrte for matlaging, så turgåarar er tilrådde å ta med eige kokeutstyr. Dette, og andre naudsynte forsyningar kan kjøpast i Oban. Det er elles tilgjenge til leirplassar ved Maori Beach, Port William og North Arm.

Større delar av ruta er gruslagt, utan dette ville stien ofte vorte omdanna til gjørme. Det er to årsaker til dette, dei torvaktige eigenskapane til jorda, og dei store årlege nedbørsmengdene på Stewart Island. Generelt er stien godt vedlikehalden, og er lett til middels vanskeleg å gå. Langs Rakiura Track kan ein også vera så heldig å få auge på kiwiar i deira naturlege omgjevnadar.

Tilreisande kan dra til Stewart Island anten med ferje frå Oban eller med fly frå Invercargill Airport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «DOC apologises after chopping ancient trees». The New Zealand Herald. NZPA. 20. november 2003. Henta 16. januar 2015.. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Rakiura Track frå Wikivoyage


Koordinatar: 46°51′46″ S 168°7′24″ E