Ramanavami
Utsjånad

Foto: Ananth BS
Ramanavami er ei hinduhøgtid feira på fødselsdagen til guden Rama, ein avatar av Visjnu. Høgtida finn stad i mars/april etter vestleg kalender. Dagen markerer også slutten på den ni dagar lange vårhøgtida (vasanthothsavam), som tek til med ugadi.

Foto: Vijay Chennupati
På denne dagen tek hinduar gjerne eit tidleg morgonbad og går til det nærmaste Rama-tempelet for å heidra han. Ein kan også fasta, og halda seremoniar heime. Det er vanleg å lesa utdrag frå diktverket Ramayana. Om kvelden blir det halde opptog med gudestatuar.
Nokre høgdepunkt på denne dagen er:
- Kalyanam, eit seremonielt bryllaup utført av tempelprestar i Bhadrachalam i Andhra Pradesh ved breidda av elva Godavari.
- Panakam, ein søt drikk laga på denne dagen med jaggery (uraffinert sukker), kardemomme, ingefær, pepar og andre krydder.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ramavami» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne religionsartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |