Hopp til innhald

Hinduhøgtider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menneskepyramide under gåkolastjmi, som markerer fødselsdagen til Krisjna.
Foto: Nichalp

Talet på hinduhøgtider er stort og ukjend. Det finst små høgtider som blir feira i ein enkelt landsby og store høgtider som blir markerte i heile den hinduiske verda. Dei gamle og sprikande tradisjonane bak hinduismen kan vera ein grunn; ein annan at hindukalenderen ikkje har kviledagar slik den jødiske, kristne og muslimske har. Dei mange høgtidene blir ein annan måte å skapa avbrekk i kvardagen på for hinduane.

Dei fleste større høgtidene finn stad mellom august og desember. Nokre høgtider blir ikkje feira kvart år, men sjeldnare, til dømes kvart tolvte år (Kumbh mela).

Dassjera blir mellom anna feira til minne om korleis guden Rama vann over demonen Ravana, som her blir brend på eit bål.
Foto: Shakti

Høgtidene kan markera mytologiske eller daglegdagse hendingar, ofte begge delar. Dei kan til dømes minnast korleis ein asura (demon) blei overvunnen, eller vera ei årleg markering av innhaustinga. Årsgangen blir markert med nyttårsfeiringar og mindre festar til visse tider, til dømes ved nymåne, fullmåne, eller ganske enkelt byrjinga av ein ny månad.

Viktige livshendingar, som bryllaup, svangerskap, fødslar og overgangsrituale er private høgtider som blir grundig feira innan ein familie eller eit landsbyfellesskap.

Thaiposam til ære for Murugan blir markert med opptog og tilsynelatande pinefulle handlingar, som å festa kvasse krokar i kroppen.
Foto: June

Den religiøse markeringa av ei høgtid inneber som regel ein større eller mindre podja. Denne kan føregå heime ved eit husalter eller i større stil i eit tempel. Tenning av lys og utdeling av signande vatn, mat, blomar eller fargestoff er gjerne del av dette begge stader. Opptog høyrer med til mange høgtider.

Før feiringa tek til vil ein vaska seg og ofte ta på nye klede. God mat og musikk kan òg vera viktige delar av ei høgtideleg markering.

Dette er nokre hinduhøgtider, grovsorterte etter tidspunkt. Dei viktigaste har oransje bakgrunn.


Høgtid Grunn Kvar Kva tid
(hindukalenderen)
Kva tid
(den vestlege kalenderen)
Makar sankrantiNesten vintersolkvervHeile Nord- og Vest-IndiaSankranti-dagen i månaden makarMidten av januar
LohriNytt livPunjabNesten vintersolkvervMidten av januar
PongalNyttårBlant tamilarOvergangen mellommaargazhi og thaiFrå desember til februar
ThaiposamFødselsdagen til Murugan, då han fekk spydet sittBlant tamilarThaiJanuar/februar
Vasant pantsjamiFødselsdagen til SarasvatiHeile IndiaMaghaJanuar/februar, òg feira i sept/okt
MahasjivaratriTakksemd til ShivaHeile India, særleg Uttar PradeshPhalgunaFebruar/mars
HoliVårhøgtidHeile IndiaOvergangen mellom phalguna og tsjaitraMars
Hinduisk nyttårNyttår i sjakakalenderenHeile IndiaByrjinga av tsjaitraMars/april
Ugadi, gudi padwaNyttårVest-IndiaByrjinga av tsjaitraMars/april
Bhogali bihuVårhøgtidAust-IndiaByrjinga av tsjaitraMars/april
RamanavamiDagen for Rama sin fødselsdag og giftarmål med SitaHeile IndiaTsjaitraMars/april
Hanuman djayantiFødselsdagen til HanumanHeile IndiaFullmåne i tsjaitraMars/april
Vat purnimaSeremoni for å verna ektemennMahrashtraDjyesjthaJuli
Ganga dasjamiGanga kom til jordaHeile IndiaVaisakhaJuni
Rath jatraOpptog med køyretøy for DjagannathOrissa, særleg PuriAsjadhJuli
Guru purnimaTilbeding av andelege leiarar til minne om vismannen Vyasa.Heile IndiaAsjadhJuli/august
Nag pantsjamiSlangehøgtidOver heile IndiaSjravanaJuli/august
Varamahalaksjmi vrataMateriell lukke og familiefredSør-IndiaFredag før fullmåne i sjravana sjuklaAugust
Raksja bandhanSøskenkjærleikHeile IndiaFullmåne i sjravanaAugust
OnamHausttakkefestBlant malyaliarTsjingamAugust/september
Krisjna-djanmasjtamiKrisjna sin fødselsdagHeile IndiaSlutten av bhadrapadhaAugust/september
GanesjotsavFødselsdagen til GanesjaVest- og Sør-India, særleg MaharashtraBhadrapadaAugust/september/oktober
Pitr-paksja/Mahalya paksjaRituale for daudeHeile IndiaDen mørke delen av asjvinaSeptember/oktober
Valmiki djayantiFødselsdagen til vismannen ValmikiHeile IndiaFullmåne i asjvinaSeptember/oktober
Laksjmi podja/kodjagariTilsynekomsten av LaksjmiSærleg Vest- og Nord-IndiaFullmåne i asjvinaseptember/oktober
Dasjera/VidjayadasjamiDet gode si makt over det vonde, særleg Durga sine sigrar over demonarHeile IndiaAsjvinaSeptember/oktober
Durga podja/DurgotsavaDyrking av DurgaBengalAsjvina eller kartikaSeptember/oktober
KarvatsjauthGifte kvinner utfører ritual for å verna mennene sineNord- og Vest-IndiaKartikaOktober/november
Dipavali/divaliDet gode si makt over det vondeAlle hinduarAsjvajudjaOktober/november
Gita djayantiÅrsdagen for bhagavadgitaHeile IndiaMargasirsjaDesember/januar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]