Ramot Naftali
Ramot Naftali | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
![]() Ramot Naftali | |||
Wikimedia Commons: Ramot Naftali | |||
Ramot Naftali (רָמוֹת נַפְתָּלִי) er ein moshav i Øvre Galilea nord i Israel, nær grensa til Libanon. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune.
Namnet kjem frå plasseringa i Naftalifjella, som opphavleg vart eigd av Naftali-stamma.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Samfunnet vart grunnlagd i 1945 av ei gruppe bønder kalla Bnei Peled, som vart send av det nasjonale byrået for å passe på landområdet og førebu det for jordbruk. Etter andre verdskrigen kom den første gruppa med tidlegare soldatar og busette seg der. Samfunnet vart bygd kring festninga Ramot Naftali, som i lag med festningane Biria og Hukok i 1945 var ein del av forsvaret til den britiske hæren nord i Israel i samarbeid med Jewish Agency.
Under den israelske sjølvstendekrigen var landsbyen under eld i lang tid, og var åstad for avgjerande kampar frå Libanon. Først etter Operasjon Hiram minka åtaka i regionen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ramot Naftali» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The palestinske Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Ramot Naftali Arkivert 2008-03-19 ved Wayback Machine.