Yuval
Yuval | |||
יוּבַל, Kfar Yuval | |||
landsby | |||
Namneopphav: Bekk | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Mevo'ot HaHermon | ||
Koordinatar | 33°14′48.11″N 35°35′53.51″E / 33.2466972°N 35.5981972°E | ||
Grunnlagd | 1953 | ||
• Grunnlagd av | Flyktningar frå Gamlebyen i Jerusalem | ||
![]() Yuval 33°14′48″N 35°35′54″E / 33.246697222222°N 35.598197222222°E | |||
Wikimedia Commons: Yuval |
Yuval (יוּבַל), òg kalla Kfar Yuval (כְּפַר יוּבַל), er ein moshav på Galileastripa, mellom Metula og Kiryat Shmona nord i Israel. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune.
Moshaven vart grunnlagd i 1953 av evakuerte frå Gamlebyen i Jerusalem som opphavleg kom frå Kurdistan. Namnet «Yuval» (bekk) etter sideelvane til Jordanelva i området, og refererer òg til Jeremia 17:8[1] («og strekkjer røtene mot bekken»). Tidleg i 1960-åra forlet dei fleste innbyggjarane moshaven, og han vart busett på ny av immigrantar frå Kochi i India.[2]
Sidan moshaven ligg nær grensa til Libanon har han ofte vore utsett for terroriståtak. I 1975 infiltrerte ei gruppe terroristar moshaven, tok kontroll over ein bustad og tok livet av tre medlemmar av ein familie.[3][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yuval» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bitan,H.(1999). 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements i Israel. Jeruusalem: Carta, p.27
- ↑ [1]
- ↑ palestinske Raiders Hold Israel Family But Then Are Slain
- ↑ Terrorists Attack Israeli Villagers