Randulf Dalland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Randulf Dalland
Randulf Dalland (no halftone).jpg
Fødd4. mai 1900
Bergen
Død9. november 1984
Statsborgar avNoreg
PartiNorges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, redaktør
Utdanna vedDen internasjonale Lenin-skolen
EktefelleAnna Dalland

Randulf Dalland (4. mai 19009. november 1984) var ein norsk politikar som representerte Bergen og Norges Kommunistiske PartiStortinget i perioden 1945–49.

Dalland arbeidde som rørleggjar i heimbyen Bergen frå 1915 til 1927. Han engasjerte seg tidleg i fagrørsla og etter kvart i den kommunistiske ungdomsorganisasjonen. I det radikale miljøet i heimbyen møtte han Anna Paulson, som han gifta seg med.

Ekteparet busette seg i Odda, der Dalland dreiv eiga rørleggjarverksemd. I 1927 melde han seg inn i NKP, og var i fleire år formann for partiet i Odda, ei industribygd der NKP stod sterkt. Frå 1930 til 1932 redigerte Dalland den lokale NKP-avisa Hardanger Arbeiderblad, der også kona arbeidde. Han var medlem av Odda heradsstyre i åra 1932–34. Frå 1932 til 1935 var han sekretær i fagopposisjonen på Vestlandet, samstundes som han var journalist i NKP-avisa Arbeidet. Frå 1935 til 1937 var han innvald i Bergen bystyre.

I 1935/36 studerte Dalland ved den såkalla Lenin-skulen i Moskva. Han braut av studiane for å delta i den spanske borgarkrigen. Saman med andre friviljuige fekk han opplæring og offiserskurs ved ein militærskule i byen Rjlazan sør for Moskva.

Tidleg i 1937 reiste han via Sverige og Frankrike til Spania. Familien vart buande i Moskva. I Spania slutta Dalland seg til den 11. internasjonale brigade, der han var løytnant i ei sambandsavdeling. Under eit oppdrag bak fiendelinjene på Madrid-fronten vart han i juni 1937 teken til fange, og seinare dømd til døden. Både politisk og diplomatisk arbeidde norske styresmakter for å få sett han fri, og i 1940 vart han utvist frå Spania.

Dalland lukkast ta seg til Storbritannia, der han under andre verdskrigen frå juni 1940 gjorde teneste i den norske brigaden i Skottland. Ved radioapparatet i militærleiren fekk han overraskande livsteikn frå familien: Dalland forstod brått at det var røysta til kona han høyrde frå Radio Moskva. Anna Dalland hadde fått ei ganske sentral rolle i løpet av dei åra ekteparet ikkje hadde kontakt.

Dalland vart dimittert frå militæret i november 1945, omtrent samstundes som kona kunne forlate Moskva og reise tilbake til heimlandet. I Noreg vart Dalland vald inn på Stortinget i det første etterkrigsvalet, då NKP vann 11 mandat. På Tinget var han medlem av militærkomiteen og Lagtinget.

Frå 1950 til 1965 var Dalland partisekretær i NKP. Ein periode var han også journalist i partiavisa Friheten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]