Risto Jussilainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Risto Jussilainen


Statsborgarskap Finland
Fødd 10. juni 1975 (48 år)
Jyväskylä
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2006, Skihopping under Vinter-OL 2002 – Laghopp

Risto Kalevi Jussilainen (fødd 10. juni 1975) er ein finsk tidlegare skihoppar. Han vann fire sølvmedaljar med Finlands hopplandslag i tida 2001-05, tre i verdsmeisterskap og ein i olympiske leikar. I året 2001 vann han to verdscuprenn, fordelt på to sesongar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jussilainen debuterte i verdscupen i desember 1993. Før 28. november 1999 hadde han aldri vore betre enn nummer elleve i noko verdscuprenn. Men i opningsrennet for den nye sesongen i Kuopio slo han til med andreplass i storbakken, eit renn som var prega av svært vanskelege tilhøve. Tevlinga vart avvikla over ein omgang, og dei to einaste som fekk til bra hopp var vinnaren Ville Kantee og Jussilainen, begge frå Finland.

Jussilainen utmerka seg særleg som skiflygar og vann 3. mars 2001 sin fyrste verdscupsiger i skiflygingsbakken i Oberstdorf. Åtte månader seinare gjekk han til topps i Kuopio, 1,6 poeng føre Adam Malysz frå Polen, som dagen i førevegen i same hoppbakken vann opningsrennet for verdscupen i skihopping 2001/02.

Risto Jussilainen i 2006

Jussilainen vann i 2001 dei to fyrste av fire sølvmedaljar i laghopping for Finland i verdsmeisterskapen på heimegrunn i Lahti. Det vart arrangert lagtevlingar i både normalbakken og i storbakken. Tyskland vann suverent i storbakken, medan Austerrike vann i normalbakken med ein margin på to poeng; 953,5 mot 951,5. Ville Kantee og Janne Ahonen var dei to andre finnane som var med i begge tevlingane.

Året etter, under vinter-OL 2002 i Salt Lake City, vart det ein ny sølvmedalje for Finland. I lagtevlinga sigra Tyskland over Finland med den aller minste margin; 974,1 mot 974,0 poeng. Omframt Jussilainen deltok Matti Hautamäki, Veli-Matti Lindström og ankermannen Janne Ahonen for Finland. Jussilainen var i 2005 tilbake på Finlands lag under verdsmeisterskapen i Oberstdorf, der dei fire utvalde finnane sikra sølvmedaljen i laghoppinga i normalbakken. I denne meisterskapen oppnådde han sitt beste resultat i ei individuell tevling då han vart nummer åtte i storbakkerennet.

Han la opp som aktiv skihoppar i 2008.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
4. mars 2001 Oberstdorf Tyskland
24. november 2001 Kuopio Finland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]