Robson da Silva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robson da Silva


Statsborgarskap Brasil
Fødd 4. september 1964 (59 år)
Rio de Janeiro
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 1996 – 4 × 100 meter stafett menn, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's 200 metres, Friidrett under Sommer-OL 1988 – 100 meter menn, athletics at the 1992 Summer Olympics – men's 4 × 400 metres relay, Friidrett under Sommer-OL 1988 – 200 meter menn, 1985 IAAF World Cup, 1985 IAAF World Cup, VM i friidrett innendørs 1987 – 200 meter menn, Dança dos Famosos 3, A Fazenda 7, Dança dos Famosos 18

Robson Caetano da Silva (fødd 4. september 1964) er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen på 200 meter under Sommar-OL 1988, og fire gongar vart nummer fire på same distansen i verdsmeisterskap/sommarleikar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Silva fekk sitt gjennombrot då han under Roma-VM i 1987 kom på fjerdeplass på 200 meter, fattige seks hundredels sekund attom vinnaren Calvin Smith frå USA. OL-sesongen 1988 gjorde Silva personbeste på 100 meter med 10,00 sekundar ved eit stemne i Mexico-byen. Ut på hausten same året vart han femtemann på 100 meter under Sommar-OL i Seoul, før han dagar seinare sprang i mål på 20,04 sekundar og bronsemedalje på 200-meteren.

Den 25. august 1989 sette Silva personbeste då han ved eit stemne i Brussel vann 200 meter på tida 19,96. Under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo vart han nummer sju på 100 m og fire på 200 m, på den lengste distansen fekk han same sluttid som bronsmedaljøren Atlee Mahorn frå Canada. Også på 200-metersfinalen ved Sommar-OL 1992 i Barcelona enda Silva på fjerdeplass, sju hundredels sekund unna bronsen. Under Friidretts-VM 1995 i Göteborg vart Silva for tredje gong i verdsmeisterskap nummer fire på 200 meter, og for fjerde gong i VM/OL.

Silva deltok for Brasil i fleire stafettløp, både i 4 x 100 m og 4 x 400 m. Men det var fyrst ved Sommar-OL 1996 i Atlanta at han lukkast vinne medalje med lagkameratar, ein bronsemedalje i 4 x 100 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1983 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 100 m (10,66=nr 30)
  • OL 1984 i Los Angeles: Utslått i semifinalane på 200 m (20,80=nr 13). Utslått i 4 x 100 m stafett
  • VM 1987 i Roma: Nr 4 på 200 m – 20,22. Utslått i kvartfinalane på 100 m (10.53=nr 25). Utslått i 4 x 100 m stafett
  • OL 1988 i Seoul: Bronse på 200 m – 20,04, nr 5 på 100 m – 10,11
  • VM 1991 i Tokyo: Nr 4 på 200 m – 20,49, nr 7 på 100 m – 10,12
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 200 m – 20,45. Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.01,6). Utslått i semifinalane på 100 m (10,32=nr 10)
  • VM 1993 i Stuttgart: Diskvalifisert i semifinalane (nr 15)
  • VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 200 m – 20,21. Utslått i semifinalane på 100 m (10,20=nr 9). Nr 6 i 4 x 100 m stafett (39,35)
  • OL 1996 i Atlanta: Bronse i 4 x 100 stafett (38,41). Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,65=nr 24)
  • VM 1997 i Aten: Nr 6 i 4 x 100 m stafett (38,48)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]