Rock Me Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rock Me Baby
Singel av B.B. King
frå albumet Rock Me Baby
B-side «I Can't Lose»
Utgjeve Mai 1964
Innspelt Los Angeles
før 14. januar 1962[1]
Sjanger Blues
Lengd 2:56
Selskap Kent (Cat. No. 393)
B.B. King-kronologi
«How Blue Can You Get»
(1964)
Rock Me Baby «Help The Poor»
(1964)


«Rock Me Baby» er ein bluesstandard som har blitt ein av dei mest innspelte bluessongane gjennom tidene.[2] Då innspelinga til B.B. King av «Rock Me Baby» kom ut i 1964, vart songen den første hitten hans i USA. Songen er basert på tidlegare bluessongar og er blitt tolka og spelt inn av mange artistar i forskjellige sjangrar.

Tidlegare songar[endre | endre wikiteksten]

Mick Jagger sin «Rock Me Baby» er basert på «Rockin' and Rollin'», ein song spelt inn av Lil' Son Jackson i 1950 (Imperial 5113).[1] Jagger sin tekst er nesten heilt lik Jackson sin, men instrumentalt er songen forskjellig. «Rockin' and Rollin'» er eit solostykke med Jackson på vokal og gitar, medan «Rock Me Baby» er spelt av eit band.

Muddy Waters-songen «Rock Me», spelt inn i 1956 (Chess 1652), er òg basert på songen til Jackson. Waters nytta noko av teksten til Jackson, men Waters nytta eit par av versa frå sin eigen song «All Night Long» frå 1951 (som òg er basert på «Rockin' and Rollin'") (Chess 1509). Muddy Waters sin «Rock Me» nyttar òg gitarlinjene til Jackson.

Lil' Son Jackson sin «Rockin' and Rollin'» var inspirert av tidlegare bluessongar.[2] Mange songar frå 1920- til 1940-åra har kombinasjonar av rock, roll, baby og mama i tittelen og teksten, men instrumentalt er dei forskjellig frå «Rock Me Baby», «Rock Me» og «Rockin' and Rollin'». Big Bill Broonzy sin «Rockin' Chair Blues» frå 1940 nyttar ofte linja «rock me baby» som i «Rock me baby now, rock me slow ... now rock me baby, one time before you go» (OKeh 6116). Arthur Crudup sin «Rock Me Mama» frå 1944 er basert på songen til Broonzy[3] og nyttar det same refrenget, men nytta «mama» i staden for «baby» (Bluebird 34-0725). Curtis Jones sin «Roll Me Mama» frå 1939 deler eit par av linjene («like a wagon wheel», «ain't got no bone») med «Rockin' and Rollin'» (Vocalion 4693).

B.B. King-songen[endre | endre wikiteksten]

«Rock Me Baby» er ein 12-taktsblues i C og 4/4-takt.[4]

Det er noko usikkert når B.B. King spelte inn «Rock Me Baby». Sjølv om King hadde kontrakt med ABC-Paramount Records frå den 14. januar 1962, heldt det tidlegare selskapet hans, Kent Records, å gje ut singlar (og album) til langt ut på 1970-åra, slik at King enda opp med å konkurrere med seg sjølv.[5] Innspelinga er estimert til å vere kring 1958[5] til før 1962.[1] Songen vart gjeven ut kort tid etter King gav ut «How Blue Can You Get» i 1964 og nådde 34. plassen på Billboard Hot 100.[6] «Rock Me Baby» var den første av seks B.B. King-singlar som nådde topp 40-lista i USA. I 1997 spelte King songen inn på ny i lag med Eric Clapton for albumet Deuces Wild.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I løpet av åra har mange bluesartistar og andre tolka og spelt inn «Rock Me Baby».[7] Sjølv om dei fleste versjonane er basert på Lil' Son Jackson sin «Rockin' and Rollin», har B.B. King og Muddy Waters fått æra for å gjere songen til ein av dei mest kjende bluessongane gjennom tidene.[1]

Somme studioversjonar er gjort av Otis Redding frå Otis Blue: Otis Redding Sings Soul (1965), The Animals frå Animalism (1966), Jeff Beck som «Rock My Plimsoul» frå Truth med noko anna tekst (1968), Slim HarpoTip On In (1968, med anna tekst), Blue Cheer frå Vincebus Eruptum (1968), Lightnin' Hopkins frå Lightnin', Vol. 1 (1969), Ike & Tina Turner frå Outta Season (1969), Robin Trower frå Twice Removed from Yesterday (1973), Johnny Winter frå Still Alive and Well (1973), Frank Marino & Mahogany Rush frå What's Next (1980), Hot Tuna frå Historic Hot Tuna (1985), Tina Turner frå What's Love Got to Do With It (1993), Pappo frå Buscando un Amor (2003) og Steve Miller Band frå Bingo! (2010).

Konsertversjonar finst av Jimi Hendrix frå Historic Performances Recorded at the Monterey International Pop Festival (1967, utgjeve 1970), Jefferson Airplane frå Bless Its Pointed Little Head (1968), The Doors frå Live in Detroit som ein del av ein medley med «Heartbreak Hotel» (1970), Deep Purple frå Made in Europe som ein del av ein medley med «Mistreated» (1976), Eddy Clearwater frå Black Night (1979) og The Rolling Stones frå Live Licks (2003).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Broven, John; Gibbon, Peter (2002). B.B. King: The Vintage Years (Box set booklet). B.B. King. Ace Records. s. 44. ABOXCD 8. 
  2. 2,0 2,1 Herzhaft, Gerard (1992). «Rock Me Baby». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 467–468. ISBN 1-55728-252-8. 
  3. Birnbaum, Larry (2012). Before Elvis: The Prehistory of Rock 'n' Roll. Scarecrow Press. s. 4. ISBN 978-0-8108-8629-2. 
  4. The Blues. Hal Leonard Corporation. 1995. s. 174. ISBN 0-7935-5259-1. 
  5. 5,0 5,1 Ruhlmann, William. «B.B. King: Rock Me Baby – Song Review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 15. mai 2016. 
  6. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 239. ISBN 0-89820-068-7. 
  7. «Rock Me Baby – Song Search Results». AllMusic. Rovi Corp. Henta 15. mai 2016.