Made in Europe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Made in Europe
Konsertalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve oktober 1976
Innspelt 4.–7. april 1975
i Graz i Austerrike,
Saarbrücken i Tyskland
og Paris i Frankrike
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 45:47
Selskap EMI/Purple (UK)
Warner Bros. (US)
Produsent Deep Purple & Martin Birch.
Kritikk
Deep Purple-kronologi 
Made in Japan
(1972)
Made in Europe Last Concert in Japan
(1977)


Made in Europe er eit konsertalbum av Deep Purple, spelt inn dei siste dagane i 1975 der Ritchie Blackmore var medlem av Deep Purple. Albumet kom ut i 1976 etter at gruppa var oppløyst.

Made in Europe inneheld songar spelte inn 4. april i Graz i Austerrike, 5. april i Saarbrücken i Tyskland og 7. april 1975 i Paris i Frankrike med Rolling Stones Mobile Studio. I følgje teksten i plateomslaget til Mk III: The Final Concerts, var dei fleste songane på albumet spelte inn i Saarbrücken. I tillegg skal denne framførigna ha vorte mykje redigert i studio og/eller overdubba med publikumsstøy og applaus. Ein kan høyre at det vert nytta eit band med applaus på grunn av ein plystrande tilhengjar.

Songane på albumet er henta frå Deep Purple sine Burn og Stormbringer.

I 1990 vart albumet remastra og gjeven ut på ny i USA av Metal Blade Records med distribusjon av Warner Bros. Albumet kom ut på ny på Friday Music label i 2007.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore og David Coverdale, bortsett frå der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Burn»Blackmore, Coverdale, Glenn Hughes, Jon Lord, Ian Paice7:32
2.«Mistreated» (med Rock Me Baby) 11:32
3.«Lady Double Dealer» 4:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«You Fool No One»Blackmore, Coverdale, Hughes, Lord, Paice16:42
5.«Stormbringer» 5:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raiteri, Stephen. Made in EuropeAllmusic