Rolf Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1818
Død

7. juni 1864 (46 år)

Yrke politikar, redaktør, skribent, jurist
Språk norsk
Far Andreas Olsen

Rolf Olsen (13. februar 18187. juni 1864) var ein norsk sakførar og forfattar, fødd i Bergen. Han var stortingsrepresentant frå Risør i tida 1854-64. Andreas Olsen var far hans og Thorvald Olsen ein bror.

Rolf Olsen vart student frå Skien skole i 1836 og cand.jur. i 1842. Han var kopist i Indredepartementet frå 1846 til han i 1852 slo seg ned i Risør som underrettssakførar, sidan overrettssakførar. I 1863 tok han over sorenskrivarembetet i Gauldal, døydde i Trondheim året etter.

Olsen redigerte Nationalbladet frå 1852, og fekk elles publisert artiklar i ymse andre aviser. Han skreiv også fleire skodespel, av desse vart særleg «Anna Kolbjørnsdatter» frå 1853 godt motteke. Elles markerte han seg som meldar av den nasjonale litteraturen.

Olsen representerte Risør på Stortinget 1854, 1857, 1859-60, 1862-63 og på begge omframtstortinga 1858 og 1864. I 1854 var han medlem i Konstitusjonskomiteen og komiteen om stortingsbygninga, og sat i Lagtinget. Han heldt fram som medlem i komiteen om stortingsbyginga så lenge han var stortingsmann, og både i 1857, 1859-60 og 1862-63 var han sekretær i Konstitusjonskomiteen. Elles var han formann 1862-63 i Trykkekomiteen og 1864 sekretær om Schelde-tollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]