Ronny Hafsås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ronny Hafsås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1985 (38 år)
Eid
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010

Ronny André Hafsås (fødd 14. november 1985) er ein norsk tidlegare skiskyttar og langrennsløpar frå Stårheim i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Han vann eitt verdscuprenn i langrenn og sikra seg tre sølvmedaljar i ulike noregsmeisterskap; to i langrenn (2008 og 2010) og ein i skiskyting (2009).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Hafsås vart i 2004 juniorverdsmeister med det norske stafettlaget under junior-VM i franske Haute Maurienne.

Han debuterte i verdscupen i skiskyting i Pyeongchang Sør-Korea i februar 2008. Si første topp ti plassering i verdscupen fekk han veka etter, då han vart nummer ni på sprint-distansen i Khanty-Mansijsk. Hans beste plassering i verdscupen i skiskyting er sjetteplassen han oppnådde under på sprinten i Östersund 6. desember 2008.

Etter å ha delteke i vinter-OL 2010 i langrenn, vende Hafsås tilbake til skiskyting. Midt i mars månad gjekk inn til ein tiandeplass i 10 km sprint.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Under NM på ski 2008 i Trondheim tok Hafsås sølvmedaljen på 15 kilometer fristil, berre slått av Morten Eilifsen. Året før kom han elles femteplass på same distansen.

Hafsås vann opningsrennet i Verdscupen i langrenn for 2009/10-sesongen. Den 21. november 2009 slo han franske Vincent Vittoz med 0,2 sekund på 15 km på Beitostølen. Den overraskande sigeren gav han plass på det norske stafettlaget som dagen gjekk til topps etter ein sterk sisteetappe av Petter Northug. Seinare i sesongen kom Hafsås på andreplass, bak Northug, på 15 km fri under NM i langrenn i Stokke. Han vart dermed utteken til OL, der han vart nummer 42 på 15 km fristil, også då på plassen bak Petter Northug.

Hafsås var mykje plaga med skadar i åra etter 2010 og valde å avslutte ski-karrieren i 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]