Rosettasteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosettasteinen

Rosettasteinen er ei svart granittblokk (men ofte omtala som basalt) frå det gamle Egypt der den same teksten er hogd inn med tre skriftsystem: Egyptiske hieroglyfar, demotisk og gresk. Fordi den greske teksten lett kunne omsetjast gav steinen nøkkelen til å tyda hieroglyfane, noko som i sin tur opna for studium av primærkjelder frå den egyptiske oldtida.

Jean-François Champollion fann prinsippet for omsetjinga i 1822, og året etter fekk han hjelp frå Thomas Young. Sidan 1802 har steinen vore i British Museum, der han er ein av tinga som trekkjer mest folk.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Teksten er eit ptolemeisk dekret frå 196 f.Kr.. Det blei gjeve av Ptolemaios V, og skildrar visse skattar som han avskaffa og gav ordre om at statuar skulle reisast i visse tempel. Det blir også gjeve ordre om at dekretet skal skrivast på tre språk: Gudespråket (hieroglyfar), folkespråket (demotisk) og wynen (gresk, wynen er i slekt med ionisk). I greske område var det vanleg å utsteda fleirspråklege dekret på denne måten.

Steinen er den tredje i ein serie på tre. Den første fortel om eit dekret frå Ptolemaios III om skotår, og den andre, kjend som steinen frå Canopus, eit dekret frå Ptolemaios IV. Det finst to kopiar av steinen frå Canopus, ein av den første steinen (Memfisstelen) og tre og ein halv av Rosettasteinen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rosettasteinen i British Museum

Rosettasteinen blei funnen av den franske kapteinen Pierre-François Bouchard i Rosetta, ein egyptisk hamneby som i dag heiter Rashid, den 15. juli 1799.

Under Napoleon sitt felttog i Egypt 17981801 var der med fleire vitskapsmenn. Napoleon grunnla Institut de l'Égypte i Kairo i 1798, og rundt 50 forskarar slo seg ned der. Då Bouchard fann steinen, forstod han at det var eit viktig funn, og kontakta general Abdallah Jacques de Menou, som bestemte at han skulle sendast til instituttet. Steinen kom fram i august 1799.

I 1801 måtte den franske hæren overgje seg. Frankrike ønskte å ta vare på det vitskapelege arbeidet som var blitt gjort, men engelskmennene meinte dette måtte vera med i krigsbyttet. Étienne Geoffroy Saint-Hilaire skreiv til den engelske diplomaten William Richard Hamilton og truga med å brenna alle forskingsnotata; ymta om brenninga av biblioteket i Alexandria i oldtida gjorde at trugsmålet blei teke alvorleg. Britane gjekk med på å la dei franske forskarane halda på notata sine, men alle gjenstandane måtte overleverast. Det blei gjort eit mislukka forsøk på å smugla Rosettasteinen til Frankrike, men enden på visa blei at franskmennene fekk med seg avskrifter av tekstane som gjorde vidare forsking mogleg.

I England blei steinen send til British Museum med ein gong. På den venstre sida hans er det skrive med kvite bokstavar «Erobra i Egypt av den britiske hæren i 1801», og på den høgre «Gjeven av kong Georg III».

I juli 2003 forlangte Egypt å få steinen utlevert. Dr. Zahi Hawass, generalsekretæren for det øvste rådet for oldtidsminne i Kairo, sa til pressa at «dersom britane ønskjer å bli hugsa, om dei ønskjer å gjenoppretta ryktet sitt, bør de returnera steinen frivillig, fordi han er eit symbol på den egyptiske identiteten vår». Britiske myndigheiter har tidlegare gjeve tilbake mange gjenstandar til Egypt, men har også nekta å utlevere mange dei meiner blei tekne til England på lovleg vis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]