Canopus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Canopus
Canopus.jpg
Eit bilete av Canopus av Expedition 6
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Kjølen
Uttale /kəˈnpəs/
Rektascensjon 06h 23m 57.1099s[1]
Deklinasjon −52° 41′ 44.378″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V) −0.74[2]
Karakteristikk
Spektralklasse F0 II[2] or F0 Ib[3]
U−B fargeindeks 0.10[2]
B−V fargeindeks 0.15[2]
Variabel type None
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: 19.99[4] mas/år
Dek.: - mas/år
Parallakse (π) 10.43 ± 0.53[4] mas
Avstand 310 ± 20 ly
(96 ± 5 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV) –5.65
Detaljar
Masse 9.0–10.6[5] M
Radius 71.4 ± 4.0[3] R
Luminositet 15,100[5] L
Overflategravitasjon (log g) 2.10[5] cgs
Temperatur 7,350[6] K
Metallisitet [Fe/H] –0.07[5] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i) 8.0[5] km/s
Andre namn
Suhayl, Suhel, Suhail, Alfa Carinae, CD−52°914, FK5 245, GC 8302, HD 45348, HIP 30438, HR 2326, SAO 234480
Databasereferanse
SIMBAD data

Canopus(α Car, α Carinae, Alfa Carinae) er den mest lyssterke stjerna i det sørlege stjernebiletet Kjølen, og den nest mest lyssterke på nattehimmelen, etter Sirius. Canopus har ein visuell storleiksklasse på −0,72, og har ein absolutt storleiksklasse på −5.65.

Canopus er ei superkjempe med spektralklasse F. Canopus er i røynda kvit sett med det nakne auga (sjølv om stjerner av klasse F stundom vert oppførte som «gulkvite»). Han ligg heilt sør på himmelen med ein deklinasjon på −52° 42' (2000) og ein rektascensjon på 06h24.0m.[1]

Namnet kjem frå den mytologiske Canopus, som var navigatøren til Menelaus, konge av Sparta.[7]

Synlegheit[endre | endre wikiteksten]

Canopus sett frå Tokyo i Japan. Breiddegraden er 35°38′N.

På den sørlege himmelhalvkula er både Canopus og Sirius synlege høgt på himmelen, samstundes, og når meridianen berre 21 minuttar etter kvarandre. Sidnan ho er lysare enn 1. storleiksklasse, kan ein sjå stjerna med det nakne auge alt tidleg i skumringa. Ho er ei sirkumpolar stjerne som er mogeleg å sjå frå alle punkt så lenge ein er sør for 37°18' S. Sidan Canopus ligg så langt sør på himmelen er ho ikkje mogeleg å sjå på midlare og nordlege breiddegrader på den nordlege himmelhalvkula. I teorien er den nordlege grensa det er mogeleg å sjå stjerna på 37°18' N. Dette er like sør for San Francisco, og nær Sevilla i Spania.

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Satellitt-teleskopet Hipparcos avdekte at avstanden til Canopuus er 310 lysår (96 parsec) frå solsystemet. Dette er basert på ei parallaksemåling på 10,43 ± 0,53 mas.[1] Canopus er klassifisert som ei F0 II eller F0 Ib (Ib syner til «mindre lysande superkjempe») stjerne,[3] og slike stjerner er sjeldne og dårleg forstått. Dei er stjerner som anten kan vere i prosessen til å utvikle seg til eller bort frå statusen som raud kjempe.[8] Dette har gjort det vanskeleg å vise kor lyssterk Canopus eigentleg er, og dette har igjen gjort det vanskeleg å bedømme avstanden. Direkte måling av den einaste måten å løyse problemet på, og det vart først gjort med Hipparcos.

Den fotosfæriske temperaturen til Canopus er estimert å vere 7350 ± 30 K.[6]

Infraraud interferometri vart nytta til å måle vinkeldiameteren på 6,93 ± 0,15 mas. Kombinert med avstanden utrekna av Hipparcos, gjev dette ein diameter på 71,4 ± 0,4 gonger diameteren til sola.[3] Om ho vart plassert i midten av solsystemet, ville ho strekkje eg 90% ut i banen til Merkur.[9]

Canopus er ei av dei mest lyssterke stjernene innafor kring 700 lysår, og har vore den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen til jorda i tre epikar over dei siste fire millionar åra.[10] For kring 90 000 år sidan flytta Sirius seg nærme nok jorda til at ho vart lysare enn Canopus, og vil vere det dei neste 210 000 åra. Om 480 000 år vil Canopus igjen vere den mest lyssterke, noko ho vil vere til ein periode på kring 510 000 år.

Ein trur ikkje at Canopus er ein del av nokre stjernegrupper.[11]

Canopus er ei sterk kjelde til røntgenstråling, som truleg vert produsert i koronaen, som er magnetisk oppvarma til kring 15 million K. Temperaturen har truleg blitt stimulert av ein rask rotasjon, kombinert med sterk konveksjon som trengjer gjennom dei ytre stjernelaga. Overflatetemperaturen på stjerna er for låg til å stå for røntgenstrålinga.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 van Leeuwen, F. (2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357.  Vizier catalog entry
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Ducati, J. R. (2002). «Catalogue of Stellar Photometry in Johnson's 11-color system». CDS/ADC Collection of Electronic Catalogues 2237: 0. Bibcode:2002yCat.2237....0D.  Vizier catalog entry
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 doi:10.1051/0004-6361:200810450
  4. 4,0 4,1 Mal:Plxref
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Smiljanic, R.; Barbuy, B.; de Medeiros, J. R.; Maeder, A. (April 2006), «CNO in evolved intermediate mass stars», Astronomy and Astrophysics 449 (2): 655–671, doi:10.1051/0004-6361:20054377, Bibcode2006A&A...449..655S. 
  6. 6,0 6,1 Desikachary, K,; Hearnshaw, J.B. (1982). «The spectrum of Canopus. II - Analysis and composition». Royal Astronomical Society, Monthly Notices 201: 707–21. Bibcode:1982MNRAS.201..707D. doi:10.1093/mnras/201.3.707. 
  7. Ridpath & Tirion 2001, s. 104–106.
  8. 8,0 8,1 Kaler, James B. (2002). The Hundred Greatest Stars. New York, New York: Copernicus Books. s. 37. ISBN 0-387-95436-8. 
  9. Kaler, Jim (26 June 2009). «Canopus». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/canopus.html. Henta 22. august 2015. 
  10. Sky and Telescope, April 1998 (p60), based on computations from HIPPARCOS data.
  11. Mamajek, Eric (11 August 2014). «Canopus B: A Candidate Common Proper Motion Companion to the Second Brightest Star». Figshare. http://figshare.com/articles/Canopus_B_A_Candidate_Common_Proper_Motion_Companion_to_the_Second_Brightest_Star/1132696. Henta 13 August 2014. 

Koordinatar: Sky map 06h 23m 57.1099s, −52° 41′ 44.378″