Rudolf Höhnl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rudolf Höhnl
Fødd 21. april 1946
Pernink
Yrke skihoppar

Rudolf Höhnl (fødd 21. april 1946) er ein tsjekkisk, tidlegare skihoppar frå Pernink, som konkurrerte for Tsjekkoslovakia. Han vann bronsemedaljen i storbakken under ski-VM 1974 i Falun.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Höhnl vart lagt merke til fyrste gongen i 1968 då han kom han på tredjeplass i hopprennet i Lahti-spelen, finske Veikko Kankkonen vann føre norske Lars Grini. To år seinare vart Höhnl nummer tre i Holmenkollen, berre slått av Vladimir Belousov og Garij Napalkov, begge frå Sovjetunionen.

Frå 1965/66 til 1975/76 tok Höhnl del i den tysk-austerrikske hoppveka. I januar 1971 kom han for fyrste gong på pallen, då Tsjekkoslovakia vann ein trippelsiger med Zbynek Hubac på fyrsteplass, etterfylgd av Jiří Raška med Höhnl på tredjeplass. To år fekk han sin andre og siste pallplass då han vann rennet i Bischofshofen 6. januar 1973. Seks gongar plasserte han seg mellom dei ti beste samanlagt i hoppveka; han vart nummer sju i 1968/69 og 1974/75, nummer seks i 1969/70 og 1972/73, nummer fem i 1970/71 og nummer åtte i 1975/76.

Mellom 1966 og 1976 deltok Höhnl i alle dei store internasjonale skimeisterskapane. I ski-VM 1966 var han langt nede på resultatlista, medan han under vinter-OL 1968 kom på tolvteplass i storbakken i Saint-Nizier, hans beste plassering i OL-samanheng. To år seinare kom han på fjerdeplassen i normalbakken i verdsmeisterskapen i Štrbské Pleso. I 1974 tok han bronsemedaljen i storbakken i Falun i 1974, der Hans-Georg Aschenbach og Heinz Wosipivo ordna dobbeltsiger for Aust-Tyskland.

Höhnl deltok i VM i skiflyging både i 1973 og 1975. Hans beste plassering var femteplassen i Oberstdorf i 1973, i 1975 vart han nummer elleve. Han vann den austeuropeiske hoppturneen i 1971, og Tatra Cup i 1971 og 1973.

Han slutta som aktiv skihoppar i 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]