Hans-Georg Aschenbach
Utsjånad
| Hans-Georg Aschenbach | |
| Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
| Fødd | 25. oktober 1951 (74 år) Brotterode |
| Yrke | skihoppar |
| Språk | tysk |
| Høgd | 175 centimeter |
| Politisk parti | Sozialistische Einheitspartei Deutschlands[*] |
| Hans-Georg Aschenbach på Commons | |
Hans-Georg Aschenbach (fødd 20. oktober 1951 i Brotterode, Aust-Tyskland) er ein tidlegare tysk skihoppar.
I 1969 blei Aschenbach juniorverdsmeister, og to år seinare vann han sin fyrste nasjonale meisterskap (i DDR). Han vann den tysk-austerrikske hoppveka sesongen 1973/74, sesongen etter at han blei verdsmeister i skiflyging. I 1974 blei han verdsmeister i både normal- og storbakken, og under OL 1976 i Innsbruck vann han gull i normalbakken.
I 1989 uttalte Aschenbach at alle austtyske utøvarar måtte ta steroidar. Han påstod at dei som ikkje ville vere med på dopingprogrammet blei kutta frå landslaget og møtte store problem i privatlivet. Aschenbach flytta seinare til Freiburg, Vest-Tyskland, og blei lege der.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1951
- Tyske skihopparar
- Austtyske idrettsutøvarar
- Verdsmeistrar i skiflyging
- Olympiske meistrar for Aust-Tyskland
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skihopparar under vinter-OL 1972
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Austtyske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skihopparar under vinter-OL 1976