Rulle-r

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rulle-r eller alveolar trill er ein konsonantlyd bruka i somme talemål, mellom dei russisk, spansk, italiensk, og finsk. Symbolet i det internasjonale fonetiske alfabetet IPA som representerer denne lyden er r. Han blir meir uformelt kalla rulle-r.

I Noreg finst denne typen r mest på Vestlandet nord for Bergen, til og med Sunnmøre. Frå og med Romsdal blir han avløyst av eittslags-r (r-flap). På Sørvest- og Sørlandet brukar dei skarre-r.