Eittslags-r

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eittslags-r, flikk, r-flap eller alveolar flap er ein konsonantlyd bruka i somme talemål. Symbolet i det internasjonale fonetiske alfabetet IPA er ein «krok-r» (ɾ).

Lyden blir laga med ei enkelt muskelsamantrekning slik at ein artikulator slår mot den andre, det vil seie tunga slår attover mot alveola (i motsetning til «tjukk l», der slaget er attanfrå og fram). Lyden er stemt.

Denne lyden finst mellom anna i somme samanhengar i spansk, portugisisk og albansk.

I Noreg er dette den typiske r-lyden i Romsdal og på Nordmøre, i Trøndelag, i Nord-Noreg og på Austlandet. Frå Sunnmøre til Bergen om lag har dei derimot rulle-r (som i skotsk engelsk), og frå og med Bergen og sørover har dei skarre-r (som i Danmark, Tyskland, Frankrike, osv).