Dravidisk arkitektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sørindisk arkitektur)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn mot Prambanan-tempelet på Java.
Angkor Vat sett frå lufta.

Dravidisk arkitektur er ein byggjeskikk som oppstod i Sør-India og spreidde seg til påverka område i Sri Lanka, Maldivane og Søraust-Asia. Han blei støtta og utvikla under rike som Tsjalukya (500-1100-talet), Pallava (600-900-talet), Tsjola (900-1150), Hoysala (1100-1350) og Vijayanagara (1350-1565).

Det er mogleg å skilja mellom nordindisk nagara-arkitektur og sørindisk dravidisk arkitektur frå 600-talet.[1] Arkitekturen omfattar hovudsakleg tempel og er kjenneteikna av pyramiderforma tårn av sandstein, kleberstein eller granitt. Fleire av templa er skorne ut direkte i berget, andre er bygd opp av stein. Byggverka kan vera pryda med utskjeringar, men eit tidleg dravidisk tempel, Kailashnath ved Kanchi, har eit lineært og lite dekorert preg.

Ein finn døme på dravidisk arkitektur i dagens Tamil Nadu, Karnataka, Kerala, Telangana og Andhra Pradesh, nokre stader i Nord-India og i kompleks som Angkor Vat i Kambodsja og Prambanan på Java i Indonesia.

I tillegg til kompleksa nemnde over er nokre av dei fremste døma på denne arkitekturen kysttempelet ved Mamallapuram (ca. år 670), Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur (ca. 1010), Airavatesvara-tempelet i Darasuram (1146), Keshava Vishnu-tempelet i Somnathpur (1270) og Minaksji-tempelet i Madurai (1660).[1]

Dravidisk arkitektur er nemnd som ein av tre stilar for tempelarkitektur i den eldgamle arkitekturboka Vastusjastra.

Utsyn over Minaksji-tempelkomplekset i Madurai.

Typisk utforming[endre | endre wikiteksten]

Airavatesjvara-tempelet nær Kumbakonam. Gjerdet som omkransar tempelkomplekset har ein port med ein gopuram over.

Tempel av tsjolatypen omfattar nesten alltid tre delar som kan vera plasserte og utforma på ulike måtar:[2]

  1. Portrom eller mantapa som alltid ligg framføre inngangen til gudsrommet.
  2. Port-pyramidar, gopuram, som tårner over portane inn til større tempel.
  3. Søylehallar (Chaultri eller tsjavadi), store hallar med mange søyler.

I tillegg til desse byggverka ville eit tempel alltid ha tankar eller brønnar med vatn til religiøs bruk, bustader for prestar og andre statlege eller bruksbygningar.[2]

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Pallava[endre | endre wikiteksten]

Mahishasuramarthini-tempelet i Mamallapuram med mandapam.

Under Pallavariket fann tempelkompleksa den vanlege utforminga som er nemnd over, med tårntak over portar og søylehall. Pallavaene stod mellom anna bak kysttempelet ved Mamallapuram, som er skore ut i fjell og i dag rekna som ein del av verdsarva, og Kailasanatha-komplekset i Kanchipuram. [3]

Tsjola[endre | endre wikiteksten]

I Tsjola-riket blei mange av dei fremste bygningane reiste i Thanjavur, hovudstaden til Radjaradja I. Over gudsromma blei det reist pyramideforma kuplar. Templa blei rikt dekorerte med måleri og skulpturar, og tsjolakunst er særleg blitt kjend for sine fine bronseskulpturar.[3]

Hoysala[endre | endre wikiteksten]

Under Hoysala-riket kunne tempel ha kompliserte grunnriss med utspring. Søyler var skorne ut med fleire kantar eller i eitt, som om dei var laga på ein dreiebenk. Kloritt var mykje brukt som utskjeringsmateriale. Muslimske invasjonar på slutten av 1200-talet gjorde slutt på den storstilte bygginga til Hoysalariket. Tempele frå denne tida finst mellom anna i Belur, Halebid og Sringeri.[3]

Vijayanagara[endre | endre wikiteksten]

Tempelbygg frå Vijayanagarariket ved Hampi, no ein del av verdsarva.

Vijayanagarariket omfatta stor delar av Sør-India på 1500-talet. Under dette riket blei det laga fleire tempelkompleks med seriar av inngjerdingar og dekorerte portar (gopuram), mellom anna i Kanchipuram, Thiruvannamalai og Vellore.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Timechart History of India (Robert Frederick Ltd., 2005)
  2. 2,0 2,1 Fergusson, James (1997) [1910]. History of Indian and Eastern Architecture (3rd utg.). New Delhi: Low Price Publications. s. 309. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «South Indian Architecture», Manasa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]