Scandinavia and the world

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Scandinavia and the world er namnet på ein dansk nett-teikneserie, skapt av brukaren Humon. Serien er tufta på teikneseriekonseptet Axis Powers of Hetalia, og har vunne ein viss åtgaum i brukarkrinsar.

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Scandinavia and the world tuftar humoren sin på nasjonale stereotypiar, og hovudpersonane er dei skandinaviske landa, to per land (ein bror og ei søster), og deira forhold til resten av verda, særskilt andre land i Europa, og dinest USA. Alle land får ein snert av satiren, og såvel samtidsproblem som historiske problem blir kommentert. Alle land er synt med ein genser eller T-skjorte med flagg-symbol for det aktuelle landet, slik at dei er lette å kjenne att. Heile serien er teksta på engelsk, og skaparen orsakar seg med ulikskapen mellom dei nordiske språka.', særskilt finsk - og har humoristisk attgjeve ein protest frå USA og Kina i det alle hovudpersonane snakka sine eigne morsmål.

Sidan opphavaren er dansk, er det tydeleg at Danmark får gjennomgå i rikt mon, men dei andre kjem snøgt etter.

Typane kan skildrast slik:

  • Danmark (eller Sjælland) er framstilt som ein noko uryddig kar, med sigarettsneip, pornoblad under armen, eller ei ølflaske. Eit poeng med Danmark er at han støtt har det med å fornærme minoritetar utan å skjøne at han har gjort noko gale, og er ein ibuande truskuldig kaos-person.
  • Sverige er framstilt som meir ordentleg, velstelt på håret og med briller. Han er den «tekniske» skandinaven, og prøver å halde Danmark i øyra. Søster Sverige fortener særskilt kommentar, sidan ho er framstilt som prototypen på den svenske bimboen. Og Bror Sverige er ikkje særskilt stolt av ho.
  • Noreg er framstilt som ein glad og munter kar med fisk under armen, naturleg nok. Hans oppgåve er å halde orden på Danmark og Sverige, som har det med å tørne saman til alle tider. Danmark syner seg å vera oppriktig glad i Noreg, men har eit meir stressa syn på Sverige.
  • Finland er støtt teikna med brennevinsflaske og kniv. Det same er søster hans. Båe to er fåmælte til det punktet der folk undrast på om dei kan snakke. Ein vits som og handlar om at finsk ikkje er eit germansk språk.
  • Island er teikna som tilhengjar av ekstremsport og i tillegg uvanleg eplekjekk. Dei andre tykkjer tydeleg at Island er noko meir skrudd end strengt naudsynt, sidan han har det med å vasse i lava...

Andre land:

  • Storbritannia vart med tida skilt ut som England sidan Skottland og Wales er separate figurar. England er ein småarrogant kar med monokkel. I SaW-universet er han «far» til USA, Canada og Australia. Skottland har skjegg og kilt, og Wales har støtt omgang med ein sau (New South Wales).
  • Tyskland kjem i to variantar. Den vanlege tyskaren har pølse under armen og noko uryddig hår, men er storkjefta. «Fru Tyskland», som dukkar opp av og til, er rekna som direkte farleg (og ein tydeleg kommentar til kanslar Angela Merkel). Elles krev dei historiske referansane at Nazi-Tyskland kjem lurande fram av og til, ein sleip fyr ingen i røynda veit kva dei skal gjera med. Referansane til krigen gjer at figuren Tyskland stundom verkar sterkt traumatisert.
  • Russland har skjegg og pelslue.
  • Australia er teikna med surfebrett og taskebelte à la Crocodile Dundee. Han er vel så sprø som Island.
  • Belgia: Ein teikneserie-nerd med dårlege tenner og briller.
  • Nederland: Liknar i røynda ein del på Danmark. Desse to rottar seg ofte saman for å terge Tyskland og/eller Japan, særleg søster Japan.
  • Ungarn: Streit kar med bart.
  • Polen: Innbrotstjuv-maske. Poengtert at mykje stole skandinavisk gods kjem til å ende opp i Polen, sjølv om det ikkje nett er polakkane som har stole det.
  • Dei baltiske landa er teikna som tre jenter. Estland er det som har vore mest med. Ho vil så gjerne vera med i Nordisk råd (eller feste med dei fine gutane, som ho seier), men Nordisk Råd har støtt halde ho utanfor. Berre Finland held døra på gløtt, som kjent. Latvia og Litauen lastar ho for det med orda "er det ikkje bra nok å vera baltisk"?
  • USA er naturleg teikna som større enn dei andre, svær i kjeften og med tendens til å blande seg over alt. Søster USA er teikna som ein lett attkjenneleg Paris Hilton-type.
  • Canada er ein hyggeleg fyr med skjegg, plaga av å vera «hatten» til USA.
  • Japan og søster Japan, ofte i samtale med England og Tyskland, til Danmark og Nederland hissar opp søster Japan.
  • Korea er sjølvsagt teikna som to. Nord-Korea er teikna aldeles pakka inn i sitt eige flagg, og under der er det berre eit par sinte auge.
  • Mexico er teikna som kvinne. Det same er Frankrike.

Grønland, Åland, Færøyane, Bornholm og Skåne har mindre roller. Kven og Fennosverige (Finlandssvensken) har og dukka opp. Denne siste er ein plagsamt munter liten fyr som er til konstant ergring for Finland som har adoptert han (i settingen er han kome til gjennom eit «sidesprang» med søster Sverige).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]