Semsvannet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°51′31″N 10°25′20″E

Semsvannet fotografert i mai 2010.

Semsvannet er eit stort vatn i Asker kommune i Akershus fylke. Vatnet ligg i nærleiken av Skaugumsåsen, og i eit område som vart verna 2. oktober 1992. Ut av vatnet renn Askerelva, inn i vatnet renn Gupuelva.

Vassflata ligg 145 meter over havet, og vatnet er om lag 0,75 km² stort. Djupna er på det meste 34 meter.[1] Av fisk finst det mest gjedde, åbor og mort, men òg litt aure, røye, sik og sutar.

Vatnet kan nyttast til bading, og det er òg lagt til rette for å gå tur kring vatnet, eller løpe, slik mange gjer. Fleire turstigar og skiløyper opp i Vestmarka tek til her. På garden Tveiter attmed vatnet, eigd av Asker kommune, har Asker Turlag lokale i det såkalla Bryggerhuset.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Grosvold, Jan Martin Larsen, Jon Stenseng. 1999. Semsvannet : liv og landskap. [Asker]: Utgjeve av Asker kommunes tusenårskomité. ISBN 82-994479-1-7
  • Jorunn Marie Thon (redaktør). På tur rundt Semsvannet. Asker: NaKuHel-senteret. ISBN 978-82-92100-11-0
  • Dons, Johannes A., Johan Fredrik Bockelie. 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru: Vett & Viten. ISBN 82-412-0102-8 (Boka har mellom anna framlegg til turar som gjev døme på geologisk interessante lokalitetar i området Skaugumsåsen – Semsvannet.)