Sergej A. Makarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sergej Aleksandrovitsj Makarov (russisk:Сергей Александрович Макаров) (fødd 19. mars 1973) er ein russisk, tidlegare friidrettsutøvar frå Podolsk som tevla i spydkast. Han vart verdsmeister i øvinga i 2003, og har dessutan eitt EM-sølv, to OL-bronsar og ein VM-bronse i premiesamlinga si. Hans personlege rekord er på 92,61 m. Aleksandr Makarov, som fekk OL-sølv i spydkast i 1980, er far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Makarov fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under sommar-OL 1996, der han vart nummer seks. Året etter kleiv han ein plass opp på premiestigen i VM i friidrett, for så å klive endå eit steg opp i EM i friidrett den påfylgjande sesongen. I 2000 vann han OL-bronsen i spydkast, ein prestasjon han gjentok fire år seinare, under sommar-OL 2004 i Athen. Øvinga vart då vunnen av nordmannen Andreas Thorkildsen. I tida mellom dei to olympiadane hadde Makarov vunne EM-sølv i 2002, og vorte verdsmeister i spydkast 2003. Han vann si siste store meisterskapsmedalje då han fekk bronsen under friidretts-VM 2005 i Helsinki.

Med ein personleg rekord på 92,61 ligg Makarov på tredjeplass på verdsstatistikken i spydkasting. Rekordkastet oppnådde han i Sheffield i 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]