Sergej Kirdjapkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Kirdjapkin


Statsborgarskap Russland
Fødd 16. januar 1980 (44 år)
Insar
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Venskapsordenen

Sergej Aleksandrovitsj Kirdjapkin (fødd 18. juni 1980) er ein russisk friidrettsutøvar frå Insar som vann 50 km kappgang både under EM 2005, VM 2009 og Sommar-OL 2012, for så i 2015 å få annullert VM-sigeren og OL-triumfen grunna bruk av dopingmidlar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kirdjapkin vart andremann på 50 km ved verdspokal-tevlinga i ungarske Miskolc våren 2005, åtte sekundar bak landsmannen Aleksej Vojevodin. Tre månader seinare vart Kirdjapkin ein suveren europameister i Helsinki, tre minuttar føre Vojevodin på andreplass.

Etter tre magre sesongar kom Kirdjapkin tilbake og tok ein klar fyrsteplass under VM 2009 i Berlin, 2 minuttar og 41 sekundar framom norske Trond Nymark. Nesten like klar var sigeren ved verdspokal-tevlinga 2012 i Saransk i Russland i mai månad. Nokså nøyaktig tre månader etter gjekk Kirdjapkin inn til gull då den olympiske 50-kilometeren fann stad i London, knapt eitt minutt framom Jared Tallent frå Australia.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 2015 og 2016 underkjende Det internasjonale friidrettsforbundet alle Kirdjapkins prestasjonar i tida etter 20. juli 2009, grunna påfallande utslag i hans såkalla biologiske pass. Dermed mista han gullmedaljane frå VM 2009 og OL 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]