She Moved Through the Fair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«She Moved Through the Fair» (eller «She Moves Through the Fair») er ei tradisjonell irsk folkevise, som finst i mange versjonar og er innspelt mange gonger.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først nedskriven i Donegal av diktaren Padraic Colum og musikkforskaren Herbert Hughes, og publisert av Boosey & Hawkes i London i eit verk kalla Irish Country Songs i 1909.[1] Melodien er ein mixolydisk modus.[2] Teksten vart òg publisert i boka til Colum frå 1922, Wild earth: and other poems.[3]

Ein lengre variant av songen vert kalla «Our Wedding Day». Ein tilknytt song, «Out of the Window», vart innhenta av Sam Henry frå Eddie Butcher frå Magilligan på Nord-Irland, kring 1930, og publisert i Henry si Songs of the People.[4] Ein annan song «I Once Had a True Love», ser òg ut til å ha eit samband, og deler noko av teksten med «She Moved Through the Fair».[5]

Den tradisjonelle songaren Paddy Tunney lærte songen i County Fermanagh og spelte han inn i 1965. Andre songar som song han på 50- og 60-talet var Dominic Behan og Anne Briggs. Han var populær hos irske reisande i Irland på denne tida.

Fairport Convention spelte inn songen i 1968 og nytta ein stil som var påverka av den omreisande songaren Margaret Barry, sjølv om ho hadde lært han frå ei plateinnspeling av grev John McCormack. Ei anna kjend innspeling av songen vart gjort av Alan Stivell i 1973.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av teksten går som følgjer:

My young love said to me,
My mother won't mind
And my father won't slight you
For your lack of kind.
And she laid her hand on me
And this she did say:
It will not be long, love,
Till our wedding day.
As she stepped away from me
And she moved through the fair
And fondly I watched her
Move here and move there.
And then she turned homeward,
With one star awake,
Like the swan in the evening
Moves over the lake.
The people were saying,
No two e'er were wed
But one had a sorrow
That never was said.
And I smiled as she passed
With her goods and her gear,
And that was the last
That I saw of my dear.
Last night she came to me,
My dead love came in.
So softly she came
That her feet made no din.
As she laid her hand on me,
And this she did say:
It will not be long, love,
'Til our wedding day.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid, etter utgåva til Fairport Convention i 60-åra, har hundrevis av artistar spelt inn songen i den tradisjonelle forma. Dei fleste av dei har halde seg til den tradisjonelle teksten. Enkelte kvinnelge artistar har derimot endra kjønnet i songen til «He Moved Through the Fair», mellom andre Sinéad O'Connor, Trees og Nana Mouskouri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Irish country songs / collected and arranged by Herbert Hughes. London ; New York : Boosey & Hawkes, 1909-1915
  2. Allen, Patrick (1999). Developing Singing Matters. Oxford: Heinemann Educational Publishers. s. 22. ISBN 0-435-81018-9. OCLC 42040205. 
  3. Facsimile - see page 26.
  4. Songs of the People: Selections from the Sam Henry Collection, edited by John Moulden. Blackstaff Press, 1979. ISBN 0856401323
  5. «I Once Had a True Love» hjå The Ballad Index.