Shoval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shoval
kibbutz
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°24′46.08″N 34°44′34.08″E
Folketal 640 (2015)
Grunnlagd 6. oktober 1946
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Shoval
31°24′46″ N 34°44′34″ E
Wikimedia Commons: Shoval

Shoval (hebraisk skrift שׁוֹבָל) er ein kibbutz nord i Negevørkenen i Israel. Han ligg nær beduin-byen Rahat og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd den 6. oktober 1946 som ein del av operasjonen Dei 11 punkta i Negev av ein gar'in frå Hashomer Hatzair og immigrantar som hadde overlevd Patria-katastrofen. Namnet er henta frå to vers i i Krønikebøkene:[1] 1 Krøn 1:38; 2:52; 4:1. Shoval har kring 600 innbyggjarar, der 200 av desse er kibbutzmedlemmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jødiske landsbyar i Israel, Jewish National Fund, Jerusalem 1949, s.169

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]