Brosh i Israel
| Brosh | |||
| בְּרוֹשׁ | |||
| moshav | |||
| Namneopphav: Sypress | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nord-Negev | ||
| Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
| Kommune | Bnei Shimon | ||
| Koordinatar | 31°22′14.87″N 34°37′58.8″E / 31.3707972°N 34.633000°E | ||
| Folketal | 439 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1953 | ||
| • Grunnlagd av | marokkanske immigrantar | ||
| Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Brosh i Israel 31°22′15″N 34°37′59″E / 31.370797222222°N 34.633°E | |||
| Wikimedia Commons: Brosh | |||
Brosh (hebraisk skrift בְּרוֹשׁ, tyder Sypress) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han 221 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1953 og marokkanske immigrantar utgjorde dei fleste av nybyggjarane. Namnet er henta frå Jesaja 41:19:[1]
Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;[2]
To andre nærliggande moshavar, Tidhar (gran) og Ta'ashur (lerke) har òg namn frå dette verset og dei tre vert i lag kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»). Brosh har eit tenestesenter for dei tre moshavane, inkludert eit bibliotek, ei fritidsordning for barn, ein eldreklubb og eit legekontor.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brosh, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.107 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk) Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol.6: Sharon, Southern Coastal Plain and Northern Negev, Jerusalem 1979, Keter Press, s.388 (hebraisk)
- ↑ Jesaja 41 - bibelen.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Brosh Arkivert 2012-12-18 ved Archive.is Negev informasjonssenter


