Sions vises protokollar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sions Vises Protokollar er namnet på eit skrift som gir seg ut for å skildre ein jødisk plan om verdsherredøme. Skriftet er ei forfalsking.

Sions Vises Protokollar blei av tsar Nikolai 2. av Russland bruka til å skulde jødane for å vere grunnen til Russland sine problem, og har også sidan vore bruka mange gonger for å fremje anti-semittisme. Skriftet kan sjåast som ein tidleg konspirasjonsteori.

Skriftet påstår seg altså å vere hemmeleg dokument om ein jødisk plan for å vinne herrevelde over jorda. Det inneheld 24 protokollar, der det kjem framlegg om korleis dette herredømet skal oppnåast. Mellom anna skal det jødiske verdsherredømet fremjast ved å spreie darwinisme, liberalisme, marxisme og pornografi. Kristendom og andre religionar skal brytast ned og ateisme skal fremjast, for å rydde plass for hegemoniet til jødedomen.


Kjelde: Dansk wikipedia.